Anmeldung Registrierung
Auto Hell Dunkel
Erweiterte Suche

SunnhordlandPodden Archiv

428 Episoden
41 Minuten
Roger Røyksund bur på Karmøy, men lengtar litt heim til Bømlo. Som musikar har han dei siste fire åra jobba fram albumet Forlist, som blei sleppt på dei fleste strømmetenestene den 6. november. No er han klar for å framføre musikken sin live på Mosterhuset den 10. november. Med sitt unike uttrykk og lange reise innan musikken, frå hard rock til visesong, har Roger mange historiar å dele. Vi snakkar om musikalsk inspirasjon, tapte netter med mixing, og korleis det kjennast å gjere noko så personleg tilgjengeleg for verda. 

Kjøp bilett til konserten på Mostrahuset: https://tikkio.com/tickets/51458-forlist-pa-mosterhamn

Lytt til Forlist: https://open.spotify.com/album/37fRlPQH9Cb5hc59kqGnit?si=8ZS3oAomSnemMdL1SBaGkg

Støtt Sunnhordlandpodden: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/subscribe
31 Minuten
I denne episoden av Sunnhordlandpodden får me eit unikt innblikk i livet til Johannes Sandvik Bø, ein lovande løpar frå Fitjar. Berre 18 år gammal har Johannes allereie sikra seg gull i NM og plass på U20-landslaget.

Me snakkar om karrieren hans, som starta tidleg, og utfordringane han møter som mellom- og langdistanseløpar. Johannes deler erfaringar frå internasjonale stemne som junior-VM i Peru og om korleis han balanserer trening med skulekvardagen på Stord VGS.

Han fortel om motivasjonen, kvardagsrutinane og måla framover. Lytt til ein inspirerande prat om ambisjonar, ståpåvilje og gleda ved å meistre idretten!

Støttespelar: Fitjar Kraftlag

Denne episoden er laga med støtte frå Fitjar Kraftlag. Kvart år deler Fitjar Kraftlag ut støtte til ålmennyttige tiltak, og eg er svært takksam for at dei ville bidra til produksjonen av Sunnhordlandpodden. Kjekt at dei ser verdien av framsnakk!

Fitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør, eigd av fitjarbuen sjølv og andre medlemmar i kraftlaget. Overskotet frå kraftlaget kjem lokalbefolkninga på Fitjar til gode gjennom utdeling av ålmennyttige midlar. Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar.
37 Minuten
Ei dramatisk hending endra livskursen til Hildegunn Gram, men då ei dør lukka seg, opna ei anna dør seg. Høyr om korleis det var å vere den første kvinnelege feiaren i brannvesenet på Stord. Det har vore både utfordringar og gleder i jobben.

Hildegunn deler også viktig informasjon om brannsikring, utstyr du bør ha på plass, og ting du bør tenkje på for å førebygge brann.

Sponsor: multiSAFE

multiSAFE har alt innan brannsikring på ein stad, for bedrifter og privatpersonar.

Brannsikring, fallsikring, redningsdrakter, redningsflåtar, kurs og opplæring.

multiSAFE tilbyr periodisk kontroll og service av alle typar handsløkkarar og brannslangar, og faste sløkkeanlegg i skip, forflåtar og offshoreinstallasjonar.

multiSAFE har kontor og verkstad i Hollundsdalen på Bømlo, der private og bedrifter er velkomne innom for å få kontrollert brannsløkkaren, redningsdrakta, redningsflåten og fallsikringsutstyret. Eller for å kjøpe nye brannsløkkarar.

multiSAFE lagerfører også redningsdrakter, redningsvestar, varmedressar med flyteelement og brannstigar.

Ta kontakt med karane i multiSAFE for ein prat dersom du er i tvil om kva du treng av brannsikringsutstyr til huset, hytta, båten eller på jobb.

Sjekk ut https://msafe.no for meir info.

Stor takk til multiSAFE for at de ville sponse denne episoden.
29 Minuten
I denne livepodkasten frå Bømlakonferansen 2024 møter du Åge Grutle – ein mann med omfattande internasjonal erfaring og eit unikt perspektiv på både diplomati og kongehusliv.

Åge har hatt ein yrkeskarriere utanom det vanlege, med stillingar som ambassadør, hoffsjef og leiar innan norsk utanriksteneste.

Han deler historier frå oppveksten, dei første stega utanfor Noreg, og ei yrkesreise prega av kulturforståing, lyttarkunst og viktige avgjerder i diplomatiske samanhengar.

Lytt og bli med på ei inspirerande reise frå Bømlo ut i verda og tilbake til Grutle.

Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Bømlo næringsråd.
58 Minuten
Sandra Linnèa Lindwall deler om opplevinga si i The Voice, musikkprosjekt ho jobbar med, og draumane sine for framtida. Ho fortel også om korleis det var å flytte heim til Stord, forlovinga og kjøpet av hus. Du får høyre om korleis det påverka henne å miste faren i ung alder.

Snart kjem det ny musikk frå Sandra, så det er verdt å følgje ho på Instagram eller Facebook

Sponsor: Stord Dekkservice

Stord Dekkservice – Sunnhordlands største aktør på dekk og felg.

Eg var sjølv innom Stord Dekkservice sist veke for å få bytta over til vinterdekk, noko dei fiksa kjapt og effektivt.

Dei som jobbar hos Stord Dekkservice, går ikkje heim i dekksesongen før kundane er fornøgde.

Stord Dekkservice har vakttelefon 24/7.

Har du behov for dekkhotell? Då kan Stord Dekkservice hjelpa deg med det.

Dei tilbyr også andre tenester som: bytte av bremser, antirust (Fluid Film), Tysse-hengarar, sjølvvaskehall og levering av gass.

Sjekk ut stord-dekkservice.no for meir informasjon.

Stor takk til Stord Dekkservice for at dei ville vera sponsor for denne episoden!
36 Minuten
Galleri Giga feirar 25 år med ny inngang og oppdatert profil!

I denne episoden av Sunnhordlandpodden snakkar vi med dagleg leiar Nina Louise Langland om det hektiske innspurten fram mot opninga av dei nye lokala i Bytunet på Stord.

Dette blir markert fredag 18. oktober mellom 14:00 og 17:00!

Nina deler historier frå galleriets oppstart, korleis ho tok over i 2018, og gleda ved å representere 150 ulike kunstnarar.

Me får høyra om utfordringane og gleda ved å driva eit nisjegalleri, og kvifor kunst er så viktig å gjere tilgjengeleg for alle. Galleriet er klart for ein ny æra – velkommen til feiring!

Sponsor: Skag Profilera - skagprofilera.no

Skag Profilera er eit reklame- og produksjonsbyrå med avdelingar på Stord og Husnes.

Skag Profilera tilbyr eit breitt spekter av tenester innan trykksaker, design og marknadsføring, inkludert produksjon av skilt, klede med logo, bannarar og anna reklameutstyr.

Med høg kompetanse og fokus på kvalitet hjelper Skag Profilera bedrifter med å styrke synlegheita og merkevara si gjennom skreddarsydde løysingar som møter individuelle behov.

Stor takk til Skag Profilera for at dei ville sponse denne episoden!
55 Minuten
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Jakob Særsten, konsernsjef i LOS Gruppen – eit selskap som har vokse frå eit lite elektrikerselskap til ein stor totalleverandør innan elektroinstallasjon, skipsservice og maskinering.

Jakob deler si fascinerande reise frå barndommen på Bømlo til oppstarten av LOS i 1983, og korleis dei har bygd eit konsern med over 500 tilsette.

Vi får høyre om utfordringane han har møtt på vegen, og hans brennande engasjement for lærlingar og yrkesfag.

Jakob deler også personlege historier frå oppveksten, om tapet av faren, ein liten «leteaksjon» i 1963, og jakta på svindlarar med hjelp av ein privatdetektiv.

Vi får eit innblikk i korleis hans nysgjerrigheit og gründerånd har prega livet hans. Jakob gir også gode tips til andre gründarar og leiarar, og fortel om viktige milepæler og lærdomar frå eit langt arbeidsliv.

Sponsor: Amundsen Diving - https://amundsendiving.com

Heilt sidan oppstarten i 1976 har Amundsen Diving vore ein av pionerane innan kommersielle dykke- og ROV-operasjonar i Noreg.

Som ein av dei som var tidleg ute, har Amundsen vore med på å definere både rutinar og prosedyrar for bransjen.

Visjonen er den same no som i 1976, nemleg å vere landets leiande leverandør av sertifiserte dykke- og ROV-operasjonar.

Amundsen Diving jobbar også etter dei same verdiane: tryggleik – energi – profesjonalitet – verdiskaping.

Amundsen Diving leverer tenester til dei fleste bransjar som opererer i eller nær det våte element.

Med erfart og allsidig personell, og snart 50 års erfaring, kan Amundsen Diving løyse det meste av dine oppdrag eller utfordringar – både i sjø, vatn og elvefar.

Kontakt Amundsen Diving for meir informasjon og ein uforpliktande prat.

Stor takk til Amundsen Diving for at dei ville sponse denne episoden!
32 Minuten
Kunstnaren Aleksander Isdal Günther og fotografen Tor Harald Rysjedal brenn for å bruke kunsten som eit uttrykk for følelsesmessige utfordringar. Dei deler sine erfaringar med å kombinere foto og måleri for å skape sterk visuell kunst som belyser mentale helseutfordringar. Samtalen er innom tema som pillemisbruk, psykologbesøk, einsemd, og viktigheita av open samtale om vanskelege kjensler.

Dei fortel og om eit nytt kunstverk - "Darkes hour". For meir info om dette kan du følge med på Instagram og Facebook.

Treng du nokon å snakke med?Det finst fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper der du kan dele tankar og følelsar heilt anonymt, og få støtte, råd og rettleiing.

Mental Helse: 116 123

Kirkens SOS: 22 40 00 40

Her finner du flere hjelpetelefoner og chat-tjenester som kan være til hjelp når du har det vanskelig.

For barn og unge: 

Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111

Kors på halsen (drevet av Røde Kors): 800 333 21

⁠SnakkOmPsyken.no⁠: Chattetilbud drevet av Blå Kors

Sponsor: Sunnhordland Kraftlag

Dagens episode er sponsa av Sunnhordland Kraftlag som ein del av kampanjen rundt Verdsdagen for psykisk helse 10. oktober. Årets kampanje oppmodar til felles innsats mot einsemd og utanforskap. Spesifikt vert alle oppfordra til å setje av 8 minutt til å ringe nokon du bryr deg om – kvar dag. Fleire seier at dei ikkje lenger brukar telefonen til å ringe, men å høyre stemma til ein du er glad i kan bety meir enn du trur. Regelmessig kontakt kan senke terskelen for å få snakka om det som er vanskeleg.

SKL ynskjer å bidra til å rette fokus mot hjelpa som finst, både profesjonelt og i våre eigne relasjonar – i dei 8 minutts samtalane.
40 Minuten
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Nina Maria Seljestad Bache, som deler si sterke historie om korleis ho har overkomme store utfordringar i livet, både psykisk og fysisk.

Ho har vore gjennom tøffe periodar med angst, sjølvskading, og ein lang prosess etter å ha blitt utsett for overgrep som tenåring.

Nina Maria fortel ærleg om korleis ho har funne vegen ut av mørket, med støtte frå relasjonar, helsevesenet og ikkje minst sin eigen styrke.

No er ho på veg til å oppfylle barndomsdraumane sine om å bli sjukepleiar, og ho håper historia hennar kan vere til inspirasjon for andre som står i tøffe tider.

Treng du nokon å snakke med?

Det finst fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper der du kan dele tankar og følelsar heilt anonymt, og få støtte, råd og rettleiing.

Mental Helse: 116 123

Kirkens SOS: 22 40 00 40

Her finner du flere hjelpetelefoner og chat-tjenester som kan være til hjelp når du har det vanskelig.

For barn og unge: 

Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111

Kors på halsen (drevet av Røde Kors): 800 333 21

⁠SnakkOmPsyken.no⁠: Chattetilbud drevet av Blå Kors
1 Stunde 2 Minuten
Aarvik gard er eit unikt reisemål som ligg i Fusa. Der kan du sove på handlaga madrasser, spise økologisk mat, og rett og slett senke skuldrene skikkeleg. I denne episoden deler Ranjeeta og Sveinung Aarvik kvifor dei ønskjer å bruke garden på denne måten, og om motivasjonen og draumane dei har for framtida. Du får høyre om urkorn, matproduksjon, utfordringar, hektiske dagar og verdien av ein møteplass. Og du får gode tips dersom du sjølv går med ein draum om å starte eit liknande prosjekt.

Sjekk ut:

https://www.aarvikgard.no

https://www.facebook.com/fruaarvik/

https://www.instagram.com/aarvikgard

Sponsor: Tysnes gjev meirsma

Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande. 

Følger du dei på Facebook og Instagram får du servert fleire gode tips gjennom veka, og på nettsida visittysnes.no finn du blant anna ein kalender med oversikt over kva som skjer. Kanskje lurer du på kor det er fint å bada, kva butikkar som finst på øya eller kva overnattingstilbod ein har å velja mellom? Tysnes gjev meirsmak viser veg. 
55 Minuten
I sommar sa Anita Kehr opp jobben i Stord kommune og satsar for fullt på prosjektet «Skogens ro». I denne episoden får du bli betre kjend med Anita og den reisa ho er på. Du får høyra om meistringskjensle, kalde bad, yoga, helse, og feriar som ikkje heilt går som planlagt. Pluss mykje meir.

Sponsor: Grete Roede

Grete Roede har vore marknadsleiande i Noreg innan kosthald og livsstil i heile 50 år, og hjelper kvart år mange tusen nordmenn med å gå ned i vekt. På kurs hjå dei lærer du kva du må gjere for å få kontroll over vekta, og korleis stabilisere kroppen på den nye vekta etterpå.

Dei jobbar med kalorikontroll, sunt kosthald, og legg stor vekt på mentale aspekt som ein viktig del av prosessen. Dine tankar blir til handlingar, og det å jobbe med hovudet er ein vesentleg del av kursopplegget.

«Slanking føregår i hovudet, og ønskjer du eit varig vekttap, må du gjere endringar du kan leve med på sikt. Difor passar eit kurs hjå Grete Roede, anten du går på vektmedisin eller ikkje,» seier kursleiar Monica Ur.

På Stord finn du Grete Roede i Velværetunet sine lokale på Heio 7 kvar onsdag, og kursleiar Monica Ur har «slanka bort» mange tonn hjå sine deltakarar gjennom sine 19 år som kursleiar på fulltid.

I tillegg til lokale kurs tilbyr ho også kurs på Teams, anten 1-1 eller i grupper, samt skriftlege nettkurs.

Ta kontakt med Monica dersom du har spørsmål, eller meld deg på via denne lenkja:

https://www.roede.com/veiledere/monica.ur
47 Minuten
I denne episoden får du møte Pablo Barrera, konsernsjef i Haugaland Kraft sidan hausten 2022. Han vart kåra til årets leiertalent og er eit av få norske medlemmar i det prestisjetunge forumet «Young Global Leaders». Pablo deler sine tankar om livet som toppleiar, samfunnsansvar og kva som skjer i Haugaland Kraft framover. I tillegg får du høyra om hans personlege reise, inkludert bryllaup og viktige erfaringar. Lytt til ein spennande samtale om leiarskap, framtidsplanar og samfunnsbygging!

I dag er episoden laga i eit kommersielt samarbeid med Haugaland Kraft.

Strømleverandøren som hjelper deg å bruke mindre strøm,

og som gir tilbake til lokalsamfunna.

Sjansane er store for at dei støttar noko du set pris på.
42 Minuten
WHO estimerer at over 700 000 menneske tek sitt eige liv kvart år. For kvart sjølvmord er det truleg rundt 20 andre som anten har prøvd å ta livet sitt eller har alvorlege sjølvmordstankar. Globalt er det fleire som døyr av sjølvmord enn av drap og krig til saman. Sjølvmord er også den fjerde vanlegaste dødsårsaka blant menneske mellom 15 og 29 år.

Ei som arbeider med å førebygge sjølvmord er Ida Lindstrøm Dahl. I denne episoden får du høyre korleis ho blei interessert i tematikken, og korleis ho enda opp med å jobbe med sjølvmordsførebygging på fulltid.

Du får også høyre om Livslosen, eit lavterskeltilbod for dei som slit med sjølvmordstankar, samt konkrete råd for kva du kan gjere om du sjølv har slike tankar, eller kjenner nokon som har det.

Her finn du meir info om Livslosen:

Lovisenberg Livslosen

Les meir om sjølvmordstankar her:

Helsenorge om sjølvmordstankar

Treng du nokon å snakke med?

Det finst fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper der du kan dele tankar og følelsar heilt anonymt, og få støtte, råd og rettleiing.

Mental Helse: 116 123

Kirkens SOS: 22 40 00 40

Her finner du flere hjelpetelefoner og chat-tjenester som kan være til hjelp når du har det vanskelig.

For barn og unge: 

Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111

Kors på halsen (drevet av Røde Kors): 800 333 21

SnakkOmPsyken.no: Chattetilbud drevet av Blå Kors

Sponsor: Sunnhordland Kraftlag

Dagens episode er sponsa av Sunnhordland Kraftlag som ein del av kampanjen rundt Verdsdagen for psykisk helse 10. oktober. Årets kampanje oppmodar til felles innsats mot einsemd og utanforskap. Spesifikt vert alle oppfordra til å setje av 8 minutt til å ringe nokon du bryr deg om – kvar dag. Fleire seier at dei ikkje lenger brukar telefonen til å ringe, men å høyre stemma til ein du er glad i kan bety meir enn du trur. Regelmessig kontakt kan senke terskelen for å få snakka om det som er vanskeleg.

SKL ynskjer å bidra til å rette fokus mot hjelpa som finst, både profesjonelt og i våre eigne relasjonar – i dei 8 minutts samtalane.
35 Minuten
I denne episoden blir du betre kjend med ordføraren i Kvinnherad, Vegard Bjørnevik. Høyr om korleis han kom inn i politikken, korleis det er å balansere rolla som småbarnsfar og ordførar, diskusjonar rundt kontraurbanisering, og kvifor han meiner at fleire bør flytte til Kvinnherad, samt mykje meir.

Sponsor: Hydro Husnes! 

Ingenting er mulig på Husnes.

Ingen CO -utslepp innan 2050 er faktisk mogleg. På Husnes satser Hydro på avanserte aluminiumsprodukt som reduserer både vekt og energiforbruk.

 

Det er godt nytt for landet. Og for verda.

Hydro Husnes satsar på folk, teknologi og fornybar energi.

 

Det gjer at Hydro Husnes kan produsere utsleppsfritt i framtida.

 

Sjekk ut hydro.com/ingentingermulig for meir informasjon om korleis Hydro forpliktar seg til å oppnå netto null-utslipp innen 2050. Her finn du også oversikt over spannande lokale stillingar i eit globalt selskapet med mange muligheter.

Hydro Husnes er den fjerde største aluminiumprodusenten i Norge. Aluminiumsverket ligger idyllisk til ved innløpet til Hardangerfjorden på Husnes i Kvinnherad kommune. Årleg produksjonskapasitet er 200 000 tonn elektrolysemetall. Metallet blir støypt til legert pressbolt og smibolt og skipa ut for levering til pressverk i Europa.
60 Minuten
I denne episoden deler Knut Rage si innsikt i Tysnes si spennande fortid, fortel om bakgrunnen sin frå pocketbokbransjen og arbeidet sitt som lokalhistorikar. Knut er oppteken av å gjere historie relevant for dagens samfunn. Han brukar både tradisjonelle medium og moderne plattformer som Facebook og wikiar for å nå ut til eit breitt publikum.

Sponsor: Tysnes gjev meirsmak

Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande. 

Følger du dei på Facebook og Instagram får du servert fleire gode tips gjennom veka, og på nettsida visittysnes.no finn du blant anna ein kalender med oversikt over kva som skjer. Kanskje lurer du på kor det er fint å bada, kva butikkar som finst på øya eller kva overnattingstilbod ein har å velja mellom? Tysnes gjev meirsmak viser veg.