Podcast
Podcaster
SunnhordlandPodden
Du folgst jetzt diesem Podcast.
Beschreibung
vor 1 Jahr
WHO estimerer at over 700 000 menneske tek sitt eige liv kvart
år. For kvart sjølvmord er det truleg rundt 20 andre som anten
har prøvd å ta livet sitt eller har alvorlege sjølvmordstankar.
Globalt er det fleire som døyr av sjølvmord enn av drap og krig
til saman. Sjølvmord er også den fjerde vanlegaste dødsårsaka
blant menneske mellom 15 og 29 år.
Ei som arbeider med å førebygge sjølvmord er Ida Lindstrøm Dahl.
I denne episoden får du høyre korleis ho blei interessert i
tematikken, og korleis ho enda opp med å jobbe med
sjølvmordsførebygging på fulltid.
Du får også høyre om Livslosen, eit lavterskeltilbod for dei som
slit med sjølvmordstankar, samt konkrete råd for kva du kan gjere
om du sjølv har slike tankar, eller kjenner nokon som har det.
Her finn du meir info om Livslosen:
Lovisenberg Livslosen
Les meir om sjølvmordstankar her:
Helsenorge om sjølvmordstankar
Treng du nokon å snakke med?
Det finst fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper
der du kan dele tankar og følelsar heilt anonymt, og få støtte,
råd og rettleiing.
Mental Helse: 116 123
Kirkens SOS: 22 40 00 40
Her finner du flere hjelpetelefoner og chat-tjenester som kan
være til hjelp når du har det vanskelig.
For barn og unge:
Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
Kors på halsen (drevet av Røde Kors): 800 333 21
SnakkOmPsyken.no: Chattetilbud drevet av Blå Kors
Sponsor: Sunnhordland Kraftlag
Dagens episode er sponsa av Sunnhordland Kraftlag som ein del av
kampanjen rundt Verdsdagen for psykisk helse 10. oktober. Årets
kampanje oppmodar til felles innsats mot einsemd og utanforskap.
Spesifikt vert alle oppfordra til å setje av 8 minutt til å ringe
nokon du bryr deg om – kvar dag. Fleire seier at dei ikkje lenger
brukar telefonen til å ringe, men å høyre stemma til ein du er
glad i kan bety meir enn du trur. Regelmessig kontakt kan senke
terskelen for å få snakka om det som er vanskeleg.
SKL ynskjer å bidra til å rette fokus mot hjelpa som finst, både
profesjonelt og i våre eigne relasjonar – i dei 8 minutts
samtalane.
Weitere Episoden
35 Minuten
vor 9 Monaten
49 Minuten
vor 9 Monaten
52 Minuten
vor 9 Monaten
41 Minuten
vor 9 Monaten
33 Minuten
vor 9 Monaten
Kommentare (0)
Melde Dich an, um einen Kommentar zu schreiben.