Anmeldung Registrierung
Auto Hell Dunkel
Erweiterte Suche

SunnhordlandPodden Archiv

428 Episoden
42 Minuten
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Tonje Stautland – kanskje betre kjend som tonje.trener på Instagram. Her deler ho ærleg og ope om livet sitt: om opp- og nedturar, vektnedgang, spontanabortar, sjølvbilde, og kvardagsglede.

Det heile starta med ein impuls og eit lite dytt frå ei veninne – og i mai 2023 trykte ho «opprett konto». No har ho skapt ein kanal som har blitt både friplass og fellesskap – og ein inspirasjon for mange. Me får høyra om kva Instagram betyr for henne, korleis ho har jobba med trening og overspising, og kor viktig det er å finne balanse i både kropp, kvardag og kosthald.

Tonje fortel òg om kor krevjande det er å vere open utan å bli for privat – og om kvifor ho ønskjer å vere eit ekte og realistisk alternativ til dei «perfekte» profilane der ute.

Dette er ei episode full av liv, varme, refleksjon og humor – og me trur du kjem til å bli både rørt, inspirert og motivert.

️ «Eg er ikkje i mål, men her er vegen min. Og du kan få bli med.» – Tonje

Sjekk ut: https://www.instagram.com/tonje.trener/

Sponsor: B3 Helse

B3 Helse på Heiane er eit lite helsesenter med eit breitt tilbod.

Dei tilbyr hjelp til deg som har smerter, treng å kome i gang med trening, eller ønskjer å forbetra treningsvanane dine.

Dei kan òg bidra med støtte i målsettingsarbeid, motivasjon, eller gi fagleg rettleiing om du har plager knytt til kvinnehelse.

Bestill time på nett via b3helse.no eller gjennom forsikringsappen din.

Bli betre med B3!
44 Minuten
Grzegorz Gregor Gorczynski reiser land og strand rundt med tusenvis av legoklossar – og ein draum: Å byggje relasjonar, inspirere til kreativitet og spre ekte livsglede.

Gregor kom heilt til finalen i Lego Masters Norge, har starta eiga verksemd med "Gregorski Brickworld", og no er han tilbake i studio!

I denne episoden får du høyra:

Korleis livet endra seg etter Lego Masters

Kva han drøymer om for framtida (og kva han ville bygd med ubegrensa Lego-budsjett!)

Kvifor han satsa på Lego Serious Play – og kva som skjer når vaksne og barn får uttrykkja seg med klossar i staden for ord

Om å vere gründer, LEGO-lærar på kulturskule, og bruke Lego i både skule og næringsli

Kva han lærer av barna han møter – og kvifor han brenn for å løfte neste generasjon

Sponsor: Subshore

Subshore tror på kraften i å bry seg. Små handlinger kan skape store ringvirkninger – enten det handler om å støtte andre, dele kunnskap eller ta initiativ. Bygget på verdiene: vær positiv, støtt andre, ta initiativ, del kunnskap og gi anerkjennelse, står Subshore for fellesskap, utvikling og samhold.  

Vi er sterkere sammen – når vi heier på hverandre, bygger vi et samfunn der flere får muligheten til å skinne. Det er derfor Subshore er med på å støtte initiativer som Sunnhordlandpodden, som fremmer mennesker som utgjør en forskjell.  

Husk: Det betyr noe å bry seg! 
59 Minuten
Denne vekas gjest i Sunnhordlandpodden er Christian Hope – ein kar frå Bømlo som verkeleg har gått all in for å legge om livsstilen sin.

Vi snakkar om reisa frå overvekt til fullført maraton, om kvifor han valde ketogent kosthald, om viljestyrke, løpeglede – og kvifor Excel faktisk kan vere eit kraftfullt verktøy når du vil endre livet ditt.

Christian deler òg erfaringane sine på Instagram der han inspirerer fleire til å ta steget mot ein sunnare livsstil.

Slå følge med: https://www.instagram.com/ketochrizzyy/

Ein ærlig og inspirerande samtale om å våge å ta grep, stå i motgang, og finne krafta i å velje ei ny retning.

Sponsor: Steintøft

Steintøft – solide løysingar for ditt uteområde!

Steintøft er din lokale ekspert på graving, boring, sprenging og opparbeiding av uteområde. Om du treng hjelp til å klargjere tomt til garasje, hytte, rorbu eller naust, bygge forstøtningsmurar i betong eller naturstein, eller oppgradere hagen med ny plen – Steintøft leverer trygge og effektive løysingar for både privatpersonar og entreprenørar.

Treng du råd eller planlegging? Svein Tore Økland og teamet står klare til å finne den beste løysinga for akkurat ditt prosjekt.

Steintøft – når grunnarbeidet må vere steintøft! Kontakt Steintøft i dag, og få jobben gjort skikkeleg frå grunnen av!

Sjekk ut: ⁠https://steintoft.no⁠
53 Minuten
Korleis er det å vere forelder til eit barn med spesielle behov – med alt frå kvardagsgleder til djupe dalar? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Ingvill Hystad Kyvik, klinikkdirektør i Helse Fonna og mamma til Anders.

Ingvill deler ærlig om erfaringar frå kvardagen, overganger, motgang og håp – og korleis små ting, som eit hei på butikken eller ei russejakke, kan bety alt.

Dette er ein viktig og varm samtale om inkludering, likeverd og det å finne glede i det som er heilt vanleg.

Sponsor: Subshore - https://subshore.no

Subshore er en multiindustriell selskapsgruppe med hovedkontor på Stord. Subshore leverer høyt kvalifisert personell og tjenester til både prosessindustrien, skipsverft, skipsindustrien, offshoreverft og elektro, i tillegg til fornybare industrier. Subshore har datterselskaper i Litauen og Romania, der vi har egne prefabrikasjonsverksteder og ingeniøravdelinger.
60 Minuten
Våren er i lufta, og mange vurderer å pussa opp – men kva bør du eigentleg gjera med terrassen, huset eller fargevalet i år? Øystein Hillestad, dagleg leiar for Fargerike Malerboden deler sine beste tips.

Dette er ein episode full av praktiske tips, lune skråblikk og gode historier – om alt frå nisemaling og ristemaskin-kaos, til fotball, familiebedrift, rekecocktail med makaroni og terrortrussel i Spania.

Sponsor: Erko Settefisk AS

Erko Settefisk AS – eit selskap med base i Sagvåg på Stord, og ein del av Hauglandgruppen i Bergen. Erko Settefisk produserer smolt og postsmolt til Erko Seafood sine matfiskanlegg, og har eit moderne og framtidsretta RAS-anlegg, i tillegg til sitt eige klekkeri. Her blir rognen klekka, og fisken får tett oppfølging gjennom heile produksjonsløpet – heilt til den er klar for sjøen. Erko Settefisk produserer smolt heilt opp mot 1 kilo, og er stolte av å bidra til ein bærekraftig og ansvarleg sjømatnæring. Du finn dei i Grunnavågsvegen 81 i Sagvåg, og vil du vite meir, kan du blant anna lesa den årlege rapporten i tråd med Åpenhetslova – tilgjengeleg på nettsida deira. Takk til Erko Settefisk for at dei ville sponse denne episoden av Sunnhordlandpodden!
35 Minuten
Kven står bak det som kanskje er Vestlandets koseligaste festival? Bli med når me slår av ein god prat med festivalsjef Britt Heidi Værøy om Fest i vest, som går av stabelen i Sagvåg 27.-28. Juni 2025.

Her blir det snakk om ekte dugnadsånd, artistar og sjørøvershow!

Du blir og betre kjent med Britt Heidi Værøy som har hjarte for bygda, blikk for detaljar og ei imponerande CV frå både butikkgolv og festivalrigg. Du får og høyra om eit uventa møte med ein tarantell! ️

Sjekk ut: https://festivest.no

Sponsor: Aker Solutions

Det skjer mykje spanande på verftet på Stord for tida. Dei store fornybarprosjekta Sunrise HVDC og East Anglia nærmar seg ferdigstilling, m medan olje- og gassprosjekta Hugin A og Valhall PWP no tek form ute på verftsområdet. Samtidig er Aker Solutions  i gong med årets lærlingeopptak, der målet er rundt 50 nye lærlingar. Dei ser også etter dyktige fagfolk til produksjonen. For meir informasjon sjå https://www.akersolutions.com
43 Minuten
Ingvild er aktuell med kontoen @fjellgarden_saeterboe der ho viser fram gamlahuset på Sæterbø som er til leige på airbnb.

Ho skriv historie attende til år 1590 frå garden og deler gamle bilete samt krydrar med innblikk i gardslivet med alle dei firbeinte og fjørkledde.

Dei som har sett Ingvild forbinder ho nok med eldre hus, oppussing, fargar og interiør, piknik og champagne med utegrisar og rosa kjeledress.

Men bak den utadvente og smilande fasaden har ho skjult tunge depresjonar og møte med den kjende veggen, som til slutt enda med uføretrygd.

Ingvild fortel om skam og redsel, bipolar lidelse, vegen ho har gått og korleis ho har det i dag.

Følg gjerne kontoen @fjellgarden_saeterboe!

Og om du lengtar etter ei helg litt utanom det vanlege så kan du booka deg inn nokre netter i huset på Sæterbø med hjorten som næraste nabo.

 Vil du bu i huset på Sæterbø? Sjekk Airbnb!
41 Minuten
Vivian Gjøen Helgaland ei kreativ og modig kvinne som 5. april opnar si aller første soloutstilling på Print og Ramme i Lervik sentrum. Med temaet Livet og Lyset deler ho både glede og sorg, oppturar og nedturar. 

Du får høyre om oppveksten på Bømlo, kunstnarglede, drillstaven, livet som småbarnsmor, tapet av ektefelle og å finna kjærleiken på nytt.  

Vivian deler om å reise åleine til Frankrike for å leve ut kunstnardraumen. Og om kvardagen på Stord Kristne Skule, der ho no jobbar og trivst som fagarbeidar.

Dette er ei sterk, livsnær og inspirerande historie om å finne håp, meistring og glede – og om å tørre å leve heilt og fullt, trass livets utfordringar.

Følg: https://www.instagram.com/happiness_artofglory/

Sponsor: 

Sponsor for denne episoden er Stord Kristne Skule – SKS!

Visste du at SKS er den einaste privatskulen i Stord kommune?

Her går det 41 elevar og jobbar 17 dedikerte tilsette – og no er dei på jakt etter fleire gode folk!

Har du eit hjarte for barn og unge, og ønskjer å vera med og byggja eit trygt og kristent skulemiljø? Då bør du sjekka ut stillingane som lærar på ungdomstrinnet, SFO-leiar og assistent. Søknadsfristen er 11. april!

Har du et barn som vil bli elev på SKS? 

Sjekk ut stordkristneskule.no, der finner du mer informasjon om hvordan du søker. 

Stord Kristne Skule – ein skule med verdier, varme og visjon.
47 Minuten
Bitta Bøthun Bjørnsdotter brenn for å gje folk ein kreativ pause i kvardagen. Gjennom konseptet Malemoro på Stord Hotel skapar ho rom for både leik, livsglede og djupare refleksjon – uansett om du har halde i ein pensel før eller ikkje.

I denne episoden får du høyra korleis kunsten blei både terapi og levebrød for Bitta etter tøffe helseutfordringar og tap, og korleis ho no brukar erfaringane sine til å løfta andre.

Ho deler ope om kunsten, smerta, gleda og draumane for framtida.

Dette er ein sterk, ekte og inspirerande samtale om kreativitet som livskraft.

Sjekk ut:

https://bittabjornsdotter.art

https://www.facebook.com/ArtistBittaBjornsdotter/

https://www.instagram.com/artistbittabjornsdotter

https://www.instagram.com/malemoro_stord

Sponsor:

️ Dagens episode er sponsa av Stord Hotell!

Har du lyst på ein spanande jobb i eit triveleg og livleg arbeidsmiljø?

Stord Hotell har fleire ledige stillingar – mellom anna søkjer dei ein assisterande restaurantsjef i 100 % stilling.

Er du ein leiar som klarer å motivere og skapa engasjement?

Har du lidenskap for mat, vin og god service?

Då kan dette vera jobben for deg!

Søk no – eller tips ein ven som du trur kan passa!

Det er òg ofte moglegheit for å få jobb som ekstrahjelp på Stord Hotell,

så sjekk ut nettsida: stord-hotell.no

Der finn du oppdatert informasjon om ledige stillingar.

Stor takk til Stord Hotell for at dei er med og sponsar denne episoden!
30 Minuten
Bli kjent med den energiske og allsidige Lea Qvistgaard – ei dame som kombinerer brasiliansk jiu-jitsu, butikkdrift, fjellturar og lokalt engasjement med eit smil og ein god dose råskap.

Lea styrer Joker Onarheim med stødig hand og skaper ein sprudlande og kreativ arbeidsplass midt i bygda. Samtidig brenn ho for lokalt næringsliv, bygdelaget, idretten – og fjellturar med ungane (gjerne med ein kvikklunsj på toppen).

Som 32-åring tok Lea tak i ein gamal draum: kampsport. No trenar ho brasiliansk jiu-jitsu 4–6 gonger i veka, konkurrerer på høgt nivå, har blått belte – og drøymer stort: VM-gull. I samtalen deler ho korleis sporten har forandra livet hennar, og kvifor ho meiner fleire jenter burde prøva seg på matta.

Lea er eit fyrverkeri av energi, initiativ og inspirasjon – både i nærmiljøet og på kampmatta.

Sponsor: Tysnes gjev meirsmak

Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande.

https://www.visittysnes.no
55 Minuten
Kva gjer du når eventyrlysta tek overhand, og du hamnar midt i ein av dei største naturkatastrofane i moderne tid? 

Cecilie Tingvoll Hope frå Sagvåg fekk backpackersekk til konfirmasjonen, reiste åleine til Thailand som 20-åring – og enda opp som snorkelguide. Så, ein dag i desember 2004, vakna ho til eit mareritt: Tsunamien.

Høyr om:

Den dramatiske dagen då tsunamien ramma Thailand

Amundsen Kabel – gründerliv på Bømlo

Kvifor mestring og å ha det gøy på jobb er viktig 

Ein episode om å følgje draumar, takle kaos og finne meining i utfordringar. 

NB: Vil du støtte Sunnhordlandpodden?

Du kan bidra med 29 kr i månaden for å «halde SunnhordlandPodden i live» ️ Vil du bidra til framsnakking? Bli med på laget :-)

Sjekk: https://creators.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/subscribe
52 Minuten
I ei tid der skjermbruk blant barn aukar, finst det innovative løysingar som fremjar balansen mellom digital læring og fysisk leik. I denne episoden møter vi Jørund Fjøsne, gründeren bak do:be – ei unik leik- og læringsplattform for barnehagar.

Jørund deler si reise frå kunst og design til teknologiutvikling, og vi får høyre om korleis do:be blei til, kva utfordringar dei har møtt på vegen, og korleis produktet allereie har skapt magiske augeblikk for barn og pedagogar.

Vi snakkar òg om kreativitet, inspirasjon og kor viktig det er at barn får bruke heile sanseapparatet i leik.

Finn ut meir om do:be: https://www.dobe.no

Sponsor: Tysnes Sparebank - https://www.tysnes-sparebank.no

Banken har ei lang og rik historie i regionen vår.

Med eit urolig verdsbilete, kan det vera godt å ha ein levande bank å søka råd hjå.

Hos Tysnes Sparebank finn du lokale rådgjevarar som ynskjer å vera ein aktiv medspelar for å finna gode og langsiktige løysingar for kundane sine.

Velkommen til Verdast mest personlege bank!

 

Stor takk til Tysnes Sparebank - for at dei ville sponse dagens episode! 
40 Minuten
Korleis kan ein hage forandre livet? Marianne Helland Vik fekk ME, og kvardagen blei snudd opp ned.

Midt i det krevjande fann ho ro og glede med hagespaden i handa.

No inviterer ho til Hagespa på Stord vidaregåande skule søndag 30. mars – ein møteplass for alle som elskar hage, enten du har ein stor hage, ein balkong eller berre ein draum om å starte.

I denne episoden av Sunnhordlandpodden deler Marianne si historie om korleis hagearbeid vart hennar veg tilbake til ein meir balansert kvardag.

Ho fortel også om Hagespa-arrangementet, der det blir seminar med hageekspertar som Tone Johnsen frå Staudehagen på Almås, Elisabeth Liodden frå Elie Verkstad og Ida Kleppe, kjent frå NRK-programmet Draumen om eit småbruk.

Sponsor: Stord Anlegg

I dag er episoden sponsa av Stord Anlegg – ei entreprenørbedrift med moderne utstyr og kompetanse for små og store oppdrag.

Sjekk ut nettsida: stordanlegg.no

Stor takk til Stord Anlegg for at dei ville vere med som sponsor for denne episoden!
56 Minuten
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Remi A. Sortland, som brenn for både sykling og mental helse.

Han har nyleg lansert to podkastar: Sunnhordlandstoget, ein nisjepodkast for sykkelinteresserte, og Korleis har du det, eigentleg?, der han tek opp viktige tema innan mental helse.

Remi deler si sterke historie – frå ein utfordrande oppvekst prega, til hans eiga kamp mot depresjon.

Han fortel om korleis han fann meistring gjennom sykling, og korleis han har utfordra seg sjølv med ekstreme prestasjonar – som å sykle høgdemeter tilsvarande Mount Everest i eitt strekk.

I tillegg til podkastane sine, er Remi ein av initiativtakarane bak Sunnhordland Sykkelklubb, der han jobbar for å samle og styrke det lokale sykkelmiljøet.

Dette er ein inspirerande episode om viljestyrke, fellesskap og betydninga av å snakka ope om livet sine opp- og nedturar.

 Høyr episoden no!

Sponsor: B3 helse

B3 helse finner du på Heiane på Stord. 

B3 helse er stolt av å kunne tilby et bredt spekter av helsetjenester og veiledning for å hjelpe deg på veien til et sunnere og mer balansert liv.

Hos B3 helse finner du erfarne fysioterapeuter, muskelterapeut og coaching. 

Dei har enkel tilkomst og parkering i Rundehaugen 19 

Slå følge med B3 Helse på Facebook og Instagram. 

Og sjå nettsida b3helse.no 
52 Minuten
I denne episoden får du møte Jostein Waage, som driv Brandasund Kultur & Fritid og A.L. Waage Landhandel AS – ein mann med eit brennande engasjement for kystkultur, tradisjonar og lokalhistorie.

Oppvaksen i idylliske Brandasund har Jostein teke vare på arven frå si bestemor, den legendariske Nillo på Skjære, som dreiv butikk på eit lite skjær. I dag vidarefører han historia gjennom A.L. Waage Landhandel – og serverer sjølvsagt rosinbollar med gul krem, som han sjølv påstår er "Nord-Europas beste boller"!

Jostein deler minne frå barndommen, der fotballtrening betydde båttur – noko som kunne vere krevjande. Han fortel om tida si som fotballspelar i Bremnes, om si lidenskap for musikk og bandet The Rambles, og ikkje minst om eventyret med å gå på ski over Goddo.

Her får du ei hjartevarm og humoristisk reise gjennom kysthistorie, lokalpatriotisme, musikk, idrett og – sjølvsagt – rosinbollar.

Høyr episoden no!

Støttespelar: Fitjar Kraftlag

Denne episoden er laga med støtte frå Fitjar Kraftlag. Kvart år deler Fitjar Kraftlag ut støtte til ålmennyttige tiltak, og eg er svært takksam for at dei ville bidra til produksjonen av Sunnhordlandpodden. Kjekt at dei ser verdien av framsnakk!

Fitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør, eigd av fitjarbuen sjølv og andre medlemmar i kraftlaget. Overskotet frå kraftlaget kjem lokalbefolkninga på Fitjar til gode gjennom utdeling av ålmennyttige midlar. Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar.