- Startseite
- Podcasts
- Arven vår Podcast
Episoden
Dieser Podcast wird gerade aktualisiert – wir suchen nach neuen Episoden …
33 Minuten
I Mortenhals i Troms ligg ein gammal handelsstad med røter tilbake til 1825. Her har Maria Kristoffersen valt å flytte heim for å ta vare på familieeigedomen og historia som lever i bygningane og gjenstandane.
I denne episoden av «Arven vår» fortel Maria om oppveksten på den gamle landhandelen, som stengde i 1959, og arbeidet med å gi nytt liv til staden. Det handlar om tilhøyrsle, restaurering og formidling – og om kvifor ho meiner det er verdt innsatsen å ta vare på det generasjonane før henne bygde opp.

43 Minuten
Kjærleik ved første blikk – til eit slite hus i Lofoten
– Vi søkte eigentleg ikkje berre om pengar. Vi søkte om anerkjenning.
I Lofoten møter Pia Wigtil Nelly Maria og Lorenzo von Holzen, som har forelska seg i eit hus frå 1934 – og i arbeidet med å gi det nytt liv.
Her blir gamle vindauge restaurerte, opphavlege materiale tekne vare på og tradisjonelt handverk sett høgt. Familien gjer mykje av arbeidet sjølv, samtidig som dei byggjer opp eit liv på garden med små barn, dyr og store framtidsplanar.
Høyr ei varm samtale om bygningsvern, eigeninnsats og kjærleik til gamle hus – og om kvifor anerkjenning kan bety minst like mykje som pengane.

34 Minuten
Dei fann draumen på ein gammal husmannsplass
Pia Gulliksen og Sebastian Bautz drøymde om eit liv nærare naturen – og om å skape noko sjølve. På Lundelie gård ein gammal husmannsplass i Sør-Aurdal, fann dei staden dei leita etter.
No legg dei ned hundrevis av timar for å gi både husa og jorda nytt liv. Berre arbeidet med skifertaket har kravd over 400 timar eigeninnsats. Målet er å ta vare på historia, drive jorda og etter kvart skape seg eit liv og eit levebrød på garden.
Støtta frå Kulturminnefondet har vore viktig:
– Vi hadde ikkje gjort det utan. Vi hadde ikkje turt å kjøpe garden dersom vi ikkje visste at vi kunne søkje pengar.
I denne episoden av Arven vår møter Pia Wigtil eit ungt par som ikkje berre drøymer om eit anna liv – dei er i full gang med å skape det.
Høyr historia om Lundelie og om kva som skal til for å gi ein gammal husmannsplass ei ny framtid.

36 Minuten
Ved Krøderen ligg Gulsvik sag og høvleri, bygd i 1925. Her arbeider Sjur Heglund for å vekkje det gamle sagbruket til liv att. Målet er å skape ein levande møteplass der publikum kan oppleve historia gjennom lyd, lukt, handverk og aktivitet.
Programleiar Pia Wigtil møter ein engasjert kulturminneeigar og får høyre om historia til Gulsvik, det omfattande restaureringsarbeidet og draumen om å dele staden med nye generasjonar.

27 Minuten
Midt mellom bustadblokkene på Ullern i Oslo står eit gammalt stabbur som overlevde ein dramatisk brann. I nærleiken står ei dokkestove frå 1800-talet som forsvann frå området – men som mange år seinare vart spora opp og frakta heim att.
I denne episoden møter Pia Wigtil eldsjela Cecilie Brewer. Ho fortel om dugnadsånd, pågangsmot og eit sterkt lokalt engasjement for det gamle gardsmiljøet. No har stabburet fått nytt liv som ein inkluderande møteplass med bokkafé, konsertar og andre aktivitetar.
Høyr den inspirerande historia om korleis kulturminne kan skape fellesskap midt i ein moderne by.

In Podcasts werben
Schalte jetzt Werbung in Podcasts.
Über diesen Podcast
Arven vår er Kulturminnefondet sin podkastserie som viser fram
krafta i vern gjennom aktiv bruk. Direktør Pia Wigtil tek lyttaren
med ut i heile landet – frå fjord til fiskevær, frå bysentrum til
stølsgrender – og inn i nokra av prosjekta som får støtte. Målet er
å skape stoltheit, forståing og nærleik til kulturminna våre,
gjennom varme samtalar og konkrete eksempel på korleis folk reddar,
brukar og gjev nytt liv til historiske bygg, fartøy, kulturlandskap
og handverk.
Kommentare (0)
Melde dich an, um einen Kommentar zu schreiben.