Anmeldung Registrierung
Auto Hell Dunkel
Erweiterte Suche

Arven vår Archiv

15 Episoden
33 Minuten
I Mortenhals i Troms ligg ein gammal handelsstad med røter tilbake til 1825. Her har Maria Kristoffersen valt å flytte heim for å ta vare på familieeigedomen og historia som lever i bygningane og gjenstandane.

I denne episoden av «Arven vår» fortel Maria om oppveksten på den gamle landhandelen, som stengde i 1959, og arbeidet med å gi nytt liv til staden. Det handlar om tilhøyrsle, restaurering og formidling – og om kvifor ho meiner det er verdt innsatsen å ta vare på det generasjonane før henne bygde opp.
43 Minuten
Kjærleik ved første blikk – til eit slite hus i Lofoten

– Vi søkte eigentleg ikkje berre om pengar. Vi søkte om anerkjenning.

I Lofoten møter Pia Wigtil Nelly Maria og Lorenzo von Holzen, som har forelska seg i eit hus frå 1934 – og i arbeidet med å gi det nytt liv.

Her blir gamle vindauge restaurerte, opphavlege materiale tekne vare på og tradisjonelt handverk sett høgt. Familien gjer mykje av arbeidet sjølv, samtidig som dei byggjer opp eit liv på garden med små barn, dyr og store framtidsplanar.

Høyr ei varm samtale om bygningsvern, eigeninnsats og kjærleik til gamle hus – og om kvifor anerkjenning kan bety minst like mykje som pengane.
34 Minuten
Dei fann draumen på ein gammal husmannsplass

Pia Gulliksen og Sebastian Bautz drøymde om eit liv nærare naturen – og om å skape noko sjølve. På Lundelie gård ein gammal husmannsplass i Sør-Aurdal, fann dei staden dei leita etter.

No legg dei ned hundrevis av timar for å gi både husa og jorda nytt liv. Berre arbeidet med skifertaket har kravd over 400 timar eigeninnsats. Målet er å ta vare på historia, drive jorda og etter kvart skape seg eit liv og eit levebrød på garden.

Støtta frå Kulturminnefondet har vore viktig:

– Vi hadde ikkje gjort det utan. Vi hadde ikkje turt å kjøpe garden dersom vi ikkje visste at vi kunne søkje pengar.

I denne episoden av Arven vår møter Pia Wigtil eit ungt par som ikkje berre drøymer om eit anna liv – dei er i full gang med å skape det.

Høyr historia om Lundelie og om kva som skal til for å gi ein gammal husmannsplass ei ny framtid.
36 Minuten
Ved Krøderen ligg Gulsvik sag og høvleri, bygd i 1925. Her arbeider Sjur Heglund for å vekkje det gamle sagbruket til liv att. Målet er å skape ein levande møteplass der publikum kan oppleve historia gjennom lyd, lukt, handverk og aktivitet.

Programleiar Pia Wigtil møter ein engasjert kulturminneeigar og får høyre om historia til Gulsvik, det omfattande restaureringsarbeidet og draumen om å dele staden med nye generasjonar.

Cecilie Brewer

27 Minuten
Midt mellom bustadblokkene på Ullern i Oslo står eit gammalt stabbur som overlevde ein dramatisk brann. I nærleiken står ei dokkestove frå 1800-talet som forsvann frå området – men som mange år seinare vart spora opp og frakta heim att.

I denne episoden møter Pia Wigtil eldsjela Cecilie Brewer. Ho fortel om dugnadsånd, pågangsmot og eit sterkt lokalt engasjement for det gamle gardsmiljøet. No har stabburet fått nytt liv som ein inkluderande møteplass med bokkafé, konsertar og andre aktivitetar.

Høyr den inspirerande historia om korleis kulturminne kan skape fellesskap midt i ein moderne by.
35 Minuten
Kva får eit menneske til å bruke år av livet sitt – kveldar, helger og feriar – på å redde gamle hus og sjeldne køyretøy? I denne episoden av Arven vår møter Pia Wigtil kulturminneentusiasten Tom Christian Lie Vikør i Norheimsund.

Tom Christian Lie Vikør ser moglegheiter der andre kanskje ser forfall. Gjennom mange år har han teke vare på gamle hus, ein bakstekjellar, ei røykstove og heilt spesielle køyretøy.

Engasjementet handlar ikkje berre om bygningar og gjenstandar. Det handlar om slektshistorie, identitet og eit sterkt ønske om å føre kulturarven vidare.
30 Minuten
På ei lita øy heilt aust i Finnmark ligg eit bygg som har overlevd både krig, samfunnsendringar og skiftande tider. Nordpol Kro i Vardø er ikkje berre ein pub eller ein møteplass. Det er eit levande kulturminne som fortel historia om pomorhandelen, fiskeria, gjenreisinga av Finnmark og menneska som har halde liv i staden gjennom generasjonar.

I den nyaste episoden av podkasten Arven vår møter vi Bjørn Bredesen, mannen som har drive Nordpol Kro sidan 1985. Familien hans overtok bygget frå Brodtkorb-familien i 1965, og i dag er Nordpol Kro eit av dei eldste serveringsstadene i Nord-Noreg som framleis er i drift.
35 Minuten
Kan gamle kulturminne skape ny framtidstru?

I Vardø møter Pia Wigtil Svein Harald Holmen, som har sett korleis restaurering av gamle bygg og kulturmiljø kan skape stoltheit, aktivitet og nye arbeidsplassar.

For Svein Harald heng kulturminnevern, stadutvikling og næringsutvikling tett saman. Gjennom restaurering av mellom anna eit historisk kaianlegg i Vestervågen arbeider han for å gi gamle kulturmiljø nytt liv – og bruke historia som ein ressurs for framtida.

Høyr ei engasjerande samtale om fiskeri, røter, næringsutvikling og kva vern gjennom aktiv bruk kan bety for eit lokalsamfunn.

Feigum sag

57 Minuten
Under Feigefossen i Luster ligg Feigum sag – eit av dei eldste industrimiljøa i Sogn. Her har vatnet drive oppgangssag, mølle og smie heilt sidan 1600-talet.

I denne episoden møter Pia Wigtil Anne Merethe og Kjell Feigum. Familien overtok anlegget i 2015, men kort tid etter gjorde ein flaum store skadar. Likevel gav dei ikkje opp. Gjennom elleve år har dei lagt ned tusenvis av dugnadstimar og brukt tradisjonelle materialar og handverk for å gi kulturmiljøet nytt liv.

Høyr historia om pågangsmot, kjærleik til staden og ønsket om å gjere Feigum sag til ein levande møteplass for nye generasjonar.
34 Minuten
Då Sissel Irene Holt såg ut kjøkenvindauget sitt, såg ho den store tørrfisksjåen i Vardø forfalle litt meir for kvart år. Til slutt bestemte ho og familien seg for å redde landemerket ved innseglinga til byen.

I denne episoden av Arven vår møter Pia Wigtil ei eldsjel som har brukt fleire år på å gi den 800 kvadratmeter store sjåen nytt liv. Sissel fortel om krevjande restaurering, meistring og motivasjon – og om kvifor historia om fiskeria, tørrfisken og livet langs Finnmarkskysten må takast vare på.
29 Minuten
Korleis kan eit gamalt småbruk og ei nedfallen smie bli ein levande arena for formidling, friluftsliv og fellesskap?

I den nyaste episoden av podkasten Arven vår møter vi Knut Egil Bekkevold på Steinreisberget friluftsgard på Finnskogen – eit døme på korleis kulturminne kan få nytt liv gjennom aktiv bruk.

Steinreisberget ligg vakkert til ved Steinreien, ein del avdet historiske fløtervassdraget på Finnskogen. Plassen har røter tilbake til mellomalderen og er prega av skogfinsk busetnad og tradisjonar. I dag er garden ein aktivmøteplass for skular, organisasjonar, turistar og lokalsamfunn – med friluftsliv, handverk og kulturformidling som kjerne.

Knut Egil Bekkevold er i samtale med Kulturminnefondets direktør Pia Wigtil.
28 Minuten
I den nyaste episoden av Kulturminnefondets podkast tek vi turen til Sulitjelma, den historiske gruvebyen mellom fjord og fjell, der lokale eldsjeler jobbar målretta for å redde eit av stadens viktigaste kulturminne. Midt i sentrum av historia står det gamle gjestgiveriet Furuheim, eit praktfullt bygg frå gruvetida, som i mange år stod tomt og forfallent, men som no er i ferd med å få nytt liv takka vere imponerande dugnadsinnsats og eit sterkt lokalt engasjement.

@laftogleven

36 Minuten
Eit hus med sjel – og eit prosjekt som inspirerer

Midt i Stavanger står eit hus frå 1926 som sakte får nytt liv. Sigrun Sætervik og Odd Blikra Egerland bytte moderne komfort med gamle tregolv, laft, linoljemåling – og eit omfattande restaureringsprosjekt.

I denne episoden av Arven vår møter Pia Wigtil paret som leita etter ein heim med historie og særpreg. Dei fortel om vala, utfordringane og gleda ved å finne tilbake til huset slik det ein gong var – og om kvifor dei små skeivheitene og spora etter tid er verdt å ta vare på.

Høyr historia om huset frå 1926 – og om korleis vern gjennom aktiv bruk gjev gamle hus nytt liv.

Marit Sehl

37 Minuten
Frå fjøs til operascene – nytt liv i kulturminne på Sehlgård

På ein fjellgard høgt over Ål i Hallingdal har ei 100 år gamal løe fått nytt liv. Der det ein gong stod kyr, fyllest rommet no av song, musikk og publikum.

I podkasten Arven vår møter vi menneska bak kulturminna. I denne episoden tek direktør Pia Wigtil turen til Sehl gård, der operasongar Marit Sehl har skapt ei heilt ny verksemd i ein gamal låve.

– Eg hadde lyst til å skape noko sjølv. Då vart løa ein konsertsal, seier Sehl.
31 Minuten
Møt Lisa Sønneland Tveden i podkasten Arven vår. Då ho ikkje fann seg til rette på vidaregåande, tok ho eit val mange ville vegra seg for: Ho drog til sjøs. Ombord på skuleskipet Sørlandet opna det seg ei heilt ny verd – med handverk, fellesskap og meistring. Der, midt ute på havet, fann ho retninga si.

Sidan har ho halde fram. Ho har segla på gamle skip, bygd erfaring steg for steg – og til slutt kjøpt sitt eige fartøy: Valkyrien. Ein båt med lang historie, som ho nobåde bur på og arbeider for å ta vare på. For Lisa handlar det ikkje berre om båtar – men om kulturarv, kunnskap og identitet.

I podkasten Arven vår med Pia Wigtil deler ho historia si – om val, motgang, meistring og kjærleiken til kystkulturen.
Arven vår

Arven vår