Tru og meining i gammal tid Archiv
108 Episoden
1 Stunde 25 Minuten
I dag har vi ei tidsrekning som er globalt synkronisert på hundredelssekundet, og vi meiner universet er 14 milliardar år gammalt. Men det finst naturfolk som ikkje har tidshorisont på meir enn nokre månader. Korleis var det her i Norden i førkristen tid? Kva slag tidsoppfatning hadde folk? Korleis delte dei inn året, og korleis heldt dei styr på høgtidene sine Dei tykte det nok det var ergerleg at sola og månen var i utakt. Kva gjorde dei med det? Og kvifor har veka sju dagar?
1 Stunde 13 Minuten
I samisk kultur har dei rituelle trommene stått sentralt og hatt stor symbolverdi. Å få konfiskert eller uskadeleggjort dei vart ei hovudsak for misjonærane på 16-1700-talet, og i dag er det krav om å få tilbakeført gamle trommer til samiske miljø. Men korleis vart trommene brukte i den gamle kulturen? Kva rolle spela dei? Og kva opplysningar har vi eigentleg om desse tinga? – Innspela i HVLs Medielab 22. oktober 2024.
1 Stunde 19 Minuten
Biletteppa frå Oseberg-funnet er fascinerande på mange måtar. Det er sprøtt at dei har overlevd i jorda i over 1000 år. Konserverings- og rekonstruksjonsarbeidet er imponerande. Scenane ein har klart å få fram, gjev eit eineståande gløtt inn i førkristen førestillingsverd. Men det som slår meg mest, er kor tungt vi har for å forstå det vi ser. Det kan minne oss om at fortida er eit framandt land. Korleis tolkar vi eigentleg fortida?
Fleire stikkord: Gravferdsprosesjon, svart katt, hekser på kosteskaft, seiðr / seid, Gislesoga, Överhogdal, Hekneveven, Darraðarljóð / Darradarljod, oppstadvev, skjolddikt, Gudrunkvida / Gudrunkvadet, hengings-scenen hos Adam av Bremen, Håvamål, vardøger / hug / fylgje, dyreham, skjoldmøy / kvinnekrigarar, Bodvar Bjarke, oljelampe, Heimdall, Tåtten om Gunnar Helming, store forteljingar, Snoldelevsteinen, tolkingsmetode.

1 Stunde 14 Minuten
I eddadiktet Skirnesmål får guden Frøy sjå ei møy heilt borte i jotunheimane. Ho heiter Gerd, og Frøy blir så forelska at han får ein knekk. Han sender tenaren sin, Skirne, for å fri til henne. Skirne lokkar Gerd med makelause skattar, men ho vil ikkje. Han trugar henne med våpen, før han går over til forbanning. Fyrst når han trugar henne med uuthaldeleg lyst som ikkje kan sløkkast, gjev ho seg. Men Frøy hadde gjeve frå seg sverdet sitt, og kvifor reiste han ikkje sjølv? Er han i grunnen ein tufs?
1 Stunde 22 Minuten
Stemmer det at det blir mykje snø når det er mykje rognebær? Njä. Mange gamle vêrmerke er vel berre tull og tøys? Ja. Men korleis oppstod ideane då, og korleis kan sånne idear halde seg seigliva inn i vår meteorologiske tid? Det kan nok forklarast ut frå tendensar og behov i menneskepsyken. Og så er det massevis av gamle vêrmerke som er presise og nyttige den dag i dag. Faktisk kan vi, i gammal tradisjon, laga nye og nyttige vêrmerke baserte på skyfenomen som ikkje har eksistert før (!).
Andre stikkord: Vêrmerke / værtegn, meteorologi, segling, gandreið / ganfer / gandferd, bisol / parhelion, primstaven / runstaven, katolske messedagar, merralår / linseskyer, parodi, stjernehimmelen, Ørnulf Hodne, romarane, Langfjella / Kjølen, tabu, hundedagane, Sirius, Egypt i antikken.
Innspela i Rissa 21.09.2024.

Korleis skal vi forstå bygdeborgene? Det etablerte synet er at dei er forsvarsanlegg. I episode 60 argumenterte Jan-Henrik Fallgren for at dei er kultanlegg, med utgangspunkt i Öland. Kor godt høver dette på norske forhold? – eller på resten av Sverige? Kvifor heiter bygdeborgene ofte slikt som Tjuvåsen, Røverkollen eller Slottet? Seier dette noko om funksjon i førhistorisk tid? Er eigentleg bygdeborg éin ting?
Andre stikkord: Tanemsåsen, Hoøya i Selbusjøen, Ytraberget i Hafrsfjord, Lisjstenen, Vardåsen, Tjuvenborgen / Tjuvenborn, Steinberget i Eidfjord, Stein, liminale stader, Sverresoga, Snorre Sturlason, Bornholm, Odensala prästgård, Oluf Rygh, Michael Olausson, Hanne Lovise Aannestad, Anders Bornfalk Back, Tirpitz, Maginotlinja.

1 Stunde 45 Minuten
Gresk-romersk, norrøn og samisk religion reknar vi som etniske religionar. Kva har dei felles? Og på kva måtar skil dei seg frå kristendomen, som erstatta dei? Avstanden er større enn ein skulle tru, på nær sagt alle område, for det dreiar seg om heilt ulike religionstypar.
1 Stunde 54 Minuten
Kva slag rusmiddel brukte folk i Norden i gammal tid? I kva situasjonar brukte dei rusmiddel? Kva samfunnsgrupper var det som brukte rusmiddel? Kvifor brukte folk rusmiddel? I denne episoden prøver vi å svara på desse spørsmåla basert på dei dataa vi har. Episoden er ikkje noko innlegg til støtte for rusmiddel.
Stikkord: Øl, mjød, etymologi, honning, vin, bjor, alu, urnordiske runeinnskrifter, spytt, brygging, vanekrigsmyten, Kvase / Kvasir, lut, fiskeslo, cannabis, Oseberg, fleinsopp / nøgenhat / toppslätskivling, flugesopp, bulmeurt / bolmört / villrot, samisk noaide / noaidi / nåejtie, Håvamål 138-139, Isaak Olsen, joik / juoiggus, tromming, transe.
Innspela i Bergen og New Jersey 2. september 2024.

1 Stunde 48 Minuten
Mengdevis av stadnamn vi har rundt oss i dagleglivet vitnar om tru og kult i førkristen tid. Dei fortel om ei religiøs tolking av landskapet – det same landskapet som vi lever i i dag. Bli med på ei reise gjennom dette religiøse landskapet – eller gjennom litt av tankegangen som skapte det.
2 Stunden 6 Minuten
I norrøn mytologi er det ei gruppe på tre kvinner som blir kalla nornene og som representerer fortid, notid og framtid, og som spinn og vev lagnad / skjebne / öde for menneska. Det er i alle fall det vi har lært, det som står i bøkene og på nettet. Grunnlaget er for det synet er dessverre spinkelt når vi sjekkar mot kjeldene. Men nornene er spennande lell. Dei er klårt knytte til fødsel og fødselshjelp, som dei samiske akka-ene. Samtidig overlappar dei med valkyrjene, som rid i krigsmundur over slagmarka og plukkar ut dei som skal falle. Juridisk terminologi dominerer omtalen av dei. Dei feller dom over deg og meg. Men kvifor er lagnaden kvinneleg?
Andre stikkord: Tekstilarbeid, spinning, veving, seid / seiðr, blodhemn, kvinnemakt, skjoldmøy, folkemeininga, omdømme, heltedikt, samfunnsnormer, lov og rett, juridiske metaforar, etymologi, islendingsoger, Soga om laksdølane / Laxdǿla saga, Gudrun Usvivsdotter / Kjartan / Bolle, Njålssoga, slaget ved Clontarf, Maadteraahka, Saarahka, Oksaahka, Joeksaahka, sørsamisk religion, greske moirai, gresk mytologi, diser / dísir, fylgjer / fylgjur, folketradisjon, folkloristikk / etnologi, Urdr / Urd, Verðandi / Verdande, Skuld, nornagreytur, nonegraut, nornablettur, weird.
Karen Bek-Pedersen har doktorgrad i etnologi / folkloristikk frå University of Edinburgh, med tema nornene i norrøn mytologi, og er forfattar, føredragshaldar og omsetjar.
Innspela i Bergen 5. august 2024.

1 Stunde 43 Minuten
Korleis heng arkeologiske funn og tekstar saman når det gjeld den eldste historia i Norden? I dag ser vi på tilfellet Lejre, som ser ut til å ha vore sete for danske kongar frå folkevandringstida til 900-talet. Kva slag historier kan litteraturen fortelja om denne eldste historia vår? Og korleis oppstod ein stad som Lejre? Kvifor akkurat der? Er det noko med landskapet? Geografien? Finst det kanskje stadnamn som kan fortelja om det?
Innspela i Lejre 18. juli 2024.
Innspela i Lejre 18. juli 2024.
67. Medtaking til fiske. Samtale med tradisjonsberar, folkeminnesamlar og namnegranskar Finn Myrvang
52 Minuten
Korleis fann folk fram dit fisken stod ute i sjøen før i tida? Og korleis fann dei tilbake til ein god fiskeplass? No har vi både ekkolodd og GPS, men før det? Jo, dei utforska landskapet på både land og sjø, og dei krysspeila mot punkt i landskapet. Rundt dette er det mykje artig tradisjon, både om stadnamn og fiskeplassar frå huldrefolket.
Andre stikkord: Fiskelykke, fiskeplass, tabuspråk, hemmeleghald, huldrefolket, marmel / marmennil, medvers, Grímsmið, Soga om Bård Snæfellsås / Bárðar saga Snæfellsáss, Andøya, Vesterålen, Grytøya, Toppsundet, det er andre stadnamn når ein er på havet; klakk, skalle, grunne, snag.
Innspela i Follo 21.12.2023.

1 Stunde 31 Minuten
Voluspå er den viktigaste kjelda vi har til norrøn mytologi. Mange eddadikt gjev eit vell av viktige opplysningar om mytologien, men berre Voluspå set opplysningane saman til ei kosmisk verdshistorie, frå skapinga av verda i grå fortid til undergangen langt der framme – og heilt til den nye verda atter stig av havet. I denne episoden gjev vi bakgrunn for diktet og går gjennom teksten nesten strofe for strofe.
Andre stikkord: Handskriftgransking, pergament, skriftkultur, Codex Regius, Snorre Sturlason, gudedikt, heltedikt, Ragnarok, apokalypse, gullaldermyte, brettspel, syklisk tidsoppfatning, jotunen Yme, vanekrigen, dvergane, Ask og Embla, verdstreet Yggdrasil, misteltein, Balder, Mime, Odin, Tor, Fenrisulven, Midgardsormen, Frøy, Vidar, Loke, Surt, kristendomen, Heimdall, iransk endetidstradisjon.
Innspela i HVLs Medielab 18. juni 2024.

Solkulten i det gamle Egypt er godt kjend, med Ra som segla over himmelen om dagen og tilbake gjennom underverda om natta, og tempel der sola skin inn gjennom korridorane til altaret to gonger i året. I Irland og på Orknøyane er det gravhaugar frå steinalderen der sola på vintersolkverv skin heilt inn ein gang til botnen av gravkammeret.
Har vi noko liknande hos oss? Ja, vi har norrøne mytar som liknar dei egyptiske, om transport av sola over himmelen. Og i fleire tilfelle er arkeologiske monument plasserte på det punktet som sola i samspel med landskapet prikkar inn med konsentrert stråle på vinter- eller sommarsolkverv eller siste og fyrste soldagen, kanskje med ekstranummer etter at sola fyrst har gått ned. Her skal vi drøfte dei mest interessante tilfella av dette som vi kjenner, med forankring i Gloppen i Nordfjord, der dette er utforska. Det er det ikkje elles i landet, så vi vil gjerne ha deg med på ein dugnad for å få kartlagt slike ting.
Gjest er Torill Kobberstad Eide, som er frå Gloppen og er ein lekperson med mykje kunnskap og entusiasme.
Innspela i Gloppen 15. juni 2024.

49 Minuten
Kva er det som fascinerer oss med historia, fortida, korleis folk levde før, kva dei gjorde, tenkte og trudde i gammal tid? Dagens svar kjem frå ein som jobba som journalist med sånne tema i 20 år. Øyvind Artnsen deler nokre høgdepunkt og tankar frå denne perioden med oss. Innspela på Ås 22.12.2023