Tru og meining i gammal tid Archiv
108 Episoden
50 Minuten
Korleis har folk tenkt om orientering og landskap når dei har fare med båt langs kysten vår gjennom tusenvis av år? Alle gamlingane er døde, men mange stadnamn har overlevd sidan urgammal tid, og når vi ser dei i samanheng med landskapet, som framleis er det same, så kan vi seia ein heil del – om guddomleg nyttige landemerke, guddomleg gode hamner – og om hamner som folk har gøymt seg i. I Ytre Oslofjord har vi eit nyoppdaga, spennande tilfelle.
Stikkord: Blå Jungfrun, Helgenæs, Jomfruland, Hvaler, Herføl / Herfellbukta, Lindesnes, Bokn / Boknafjorden, Siggjo, Lukksundet, Horgo, Lyderhorn, Ulriken, Alden, Kinn, Batalden, Hornelen, Stadlandet, Flåvær, Peder Clausson Friis, Godøya, Goðeyjar, Helgøya, Varalden, Varaldsøy, Fosna, Heilhornet, Løkta, Sjona, Lovund, Gjømma på Gjerdøya, Landegode, Rolla, Vardø, navigasjon, himmelretningar.

1 Stunde 27 Minuten
Ifølgje vanleg oppfatning er fallossteinar ein funntype frå eldre jarnalder, som symboliserer potens, fordi dei er forma som erigerte ….. øh, … ja. I Sverige blir den same gjenstandstypen rekna som kuleforma og tolka som symbolske … brødkorger. Tolkingstradisjonen legg tydelegvis sterke føringar for kva ein ser i materialet. Går det an å koma lenger i forståinga av desse steinane, kanskje i lys av norsk folketradisjon og samisk tradisjon nedskriven i tidleg moderne tid? Kan problemet minne oss om korleis etnisk religion fungerer?
Andre stikkord: Heilage kvite steinar, stenklot / gravklot, falloskult, fruktbarheitskult, dei underjordiske, Hans Jacob Wille, husgudar, Tussesteinane, Brødsteinen, høgsete, Gleinsteinen, Rosslandsguden, Skjeng, faksar i Setesdal, samiske sieidi-steinar, Guðrúnarkviða in þriðja / Den tredje Gudrunkvida / Det tredje Gudrunkvadet, Rikard Berge, Theodor Petersen, Bjørn Myhre, Bergljot Solberg.

1 Stunde 30 Minuten
Kva slag prinsipp la dei vekta på, dei som utforma dei eldste lovene våre? Kva såg dei som det verste ein kunne gjera? Kva var ikkje så farleg? Kva stilling gav lovene kvinner? Kor tidleg juss har vi vitnemål om? Korleis oppstod lovene? Vart jussen mykje endra av kristninga? Dette, og meir til, får du høyre om i denne episoden.
1 Stunde 36 Minuten
Vi veit vel mykje om norrøn mytologi? Tja, kanskje er det heller slik at vi veit litt, om dei viktigaste figurane. I dag skal vi snakke om nokre vi berre ser avtrykk av i kjeldene, eit fotspor eller to. Vi ser holet, der det ein gong har stått eit mytekompleks. Dette frustrerer, men kanskje får det oss til å sjå klårare kva tolkingsarbeidet går ut på. Og det er faktisk spennande å grava fram dei få detaljane vi har, prøve ulike tolkingsmulegheiter, og rive seg i håret.
Stikkord: Gjevjon / Gefjon, Uppsala-kongane, Mälaren, Sjælland, Lejre, vane-gudane, kvinnemakt, jotun, Gnå / Gná, valkyrjer, Meile / Meili, Fårbaute / Fárbauti, Aurvandel / Aurvandill, Aurvandelstå / Aurvandilstá, stjernehimmelen, Høne / Hǿnir, Mime / Mímir, Ull / Ullr, Frigg.

1 Stunde 29 Minuten
I gammal tid var lyden i landskapet viktig. Folk utnytta lyden som berre var der, og dei utnytta landskapet til å skapa og forsterke lyd – for å kommunisere, og med rituelt føremål. Det kan dreie seg om plassering av hellemaleri og den slags, og om skikkar knytte til klangsteinar og dei underjordiske – heilt fram til vår tid. Kva inneber det at folk kalla ekko for dvergmål?
1 Stunde 23 Minuten
I vårt samfunn er det eit skarpt skil mellom religion og rettssystem. Men vi skal ikkje langt tilbake før vitne skulle sverja ved Bibelen. I førkristen tid var rettsstellet nært kopla til religionen. Lovene var gjevne av nornene, gudane søkte til tings når vanskar oppstod, og fredsavtalar kunne sverjast ved religiøse gjenstandar eller gudane, og dei juridiske leiarane var òg kultleiarar. Dette heng saman med eit evig spørsmål: Korleis kan du binde folk til å snakke sant eller oppføre seg slik dei seier?
1 Stunde 14 Minuten
Håvamål er eit av dei mest kjende eddadikta. Men kva er det for eit dikt? Kor gammalt er det? Er det dikta av éin eller mange? Kva var diktaren eller diktarane ute etter? Kvifor legg han / dei orda i munnen på Odin? Passar levereglane i diktet vår tid? Kor tidleg bør du eigentleg stå opp dersom du skal drepa nokon?
1 Stunde 18 Minuten
Kva skapningar måtte folk tilpasse livet etter i det førmodernejordbrukssamfunnet? Her ser vi på dette i naturmytiske segner frå ein region på Vestlandet. Det blir tunkallar og huldrefolk, magisk felespel og feite huldrekyr, stålkasting, flatbrødbrenning, pining av spedbarn, sensur, huldreelsk, schizofreni og utruskap, jordmor hos dei underjordiske og tjørekrossar over døra. Men kva funksjon hadde desse førestillingane?
1 Stunde 8 Minuten
Korleis går du fram for å tolke stadnamn? Finst det ein metode? Ja. Er den handverk eller vitskap? Ja. Kanskje pseudovitskap? Nei. Men vanskeleg. Bli med på ein tur gjennom eit landskap fullt av snubletrådar.
1 Stunde 3 Minuten
Ty blir tradisjonelt oppfatta som gud for himmelen og dagslyset – fordi namnet knyter han til indoeuropeiske himmelgudar og ord for himmel. Men dei norrøne tekstane seier kanskje heller at Ty var krigsgud. Kan begge delar stemme? Ja, det ser ut som krigsgudrolla har samanheng med sola og vårjamdøgn. Vidare skal vi innom solslukande ulvar i eit vêrfenomen på himmelen, stjernebiletet Ulvekjeften, og fimbulvinteren på 500-talet. Ikkje minst blir det ei heilt ny forklaring av guden Vidar.
Andre stikkord: Bisol / parhelion, krigsguden Mars, tidsrekning, vekedagsnamna, tysdag / tysdag, ringborger / trelleborger,Trundholmvogna / Trundholmvognen, Tysnes, Fenrisulven, Hyades, Auriga, stjernehimmelen, gandreið, solkross / solkors, klimakrise, astrologi, Mesopotamia, Týr.

Korleis oppstår ord? Kva slag tankegang og tankeprosessar ligg bak? Her skal vi gå gjennom ein haug med døme frå dei siste 5000 åra, opp til dagen i dag. Eller, dagen i fjor. Mekanismane er ganske like dei vi såg i stadnamn i episode 40.
Innspela på Ås 7.3.2024.
Innspela på Ås 7.3.2024.
1 Stunde 6 Minuten
Kva var ein horg i førkristen tid? Vi kjenner ordet frå fjellnamn og gardsnamn kringom i landet, men det var òg ein type kultstad og kultbygning i gammalgermansk religion. Kva det var for noko, har det vist seg vanskeleg å finne ut av. Eg gjev mi forklaring i ei vitskapleg bok som kjem ut no, og her får du høyre kva som står i den. Eg har undersøkt landskapet rundt alle stader som heiter noko medhorgi Norden for å finne det eg meiner er svaret.
Figurane vi kommenterer i episoden, kan du sjå i pdf-en av boka, som ligg gratis på: https://www.idunn.no/doi/book/10.18261/9788215067810-25
Figurane vi kommenterer i episoden, kan du sjå i pdf-en av boka, som ligg gratis på: https://www.idunn.no/doi/book/10.18261/9788215067810-25
1 Stunde 28 Minuten
Kvifor brende folk dei døde gjennom lange periodar av førhistoria? Kan vi forstå meir av det gjennom å studere likbrenning og tankegang rundt det i andre delar av verda i dag? Kva er mest respektfullt – å brenne liket, grava det ned, søkke det ned i vatn, eller leggja det ut til åtselfuglar? Opnar den eine eller andre måten for fleire rituelle og symbolske mulegheiter enn andre? Terje Østigård har granska kremasjon i Asia i dag, og tolkar kremasjon i førhistoria vår i lys av det.
46 Minuten
I Trøndelag og Nord-Noreg er det mange i dag som kjenner ganding som ei form for trolldom, som særleg blir tilskriven samane. Å gande skal vera heilt abstrakt å kaste vondt over nokon. Då har det endra seg veldig frå gand i mellomalderen, som er dagens tema. Då var ein gand fyrst og fremst ein trolldomsutsending, gjerne i dyreham, som skaffa opplysningar eller slost med andre gandar. Men faktisk var gand eit kryssingspunkt for mange kompleks av førestillingar.
1 Stunde 16 Minuten
Korleis heldt folk styr på klokka før dei hadde klokke? Korleis såg arbeidsdagen ut? Når kom 24-delstimen? Kva rolle spela stjernehimmelen som klokke? Visste folk kor gamle dei var før det fanst prestar som skreiv det opp i kyrkjeboka? Kor langt historieperspektiv hadde folk? Kva er tanken bak dei ulike nemningane vi brukar i omtale av tida? Og – finst det heilt andre tidsoppfatningar enn vi har?