Anmeldung Registrierung
Auto Hell Dunkel
Erweiterte Suche

Tru og meining i gammal tid Archiv

108 Episoden
1 Stunde 37 Minuten
Frøy var ein av dei viktigaste gudane i norrøn mytologi. Han blir tradisjonelt tolka som ein nokså reindyrka fruktbarheitsgud, ein som sikra god avling og velstand i samfunnet, med sterk interesse for sengehygge. Nyare forsking peikar på at Frøy hadde fleire sider, der herskargjerninga står sentralt, med krig og vern av lov, rett og kosmisk ordning. Javel, men kva har dette å gjera med intim omgang og vekst i planteriket?
1 Stunde 27 Minuten
Kva er poenget med namnegransking? For å svara på det, må vi seia litt om kva namnegransking går ut på, men særleg må vi skissere korleis den og den namnegranskaren har jobba og tenkt – frå faget oppstod i andre halvdel av 1800-talet. Det blir ein del vitskapsteori, det blir ein del om haldninga til historiske disiplinar i humaniora i dag, og det blir ein del om stadnamn som kjelde til mentalitet i gammal tid. Ikkje minst blir det nokrepersonlege vitnemål.
1 Stunde 1 Minute
I Trøndelag og Nord-Noreg er det mange enno som kjenner ein tradisjon om ganding, eller å gande. Det er noko samane driv med, tenkjer ein seg. Dagens tradisjon er utvikla frå den norrøne som vi snakka om  i episode 80. Men i vår tid har han teke ei heilt anna vending, som vi kan følgje i media dei siste tiåra. Det dreiar seg om å kaste vondt over, å få att tjuvgods, om inngrupper og utgrupper, og omvende maktrelasjonar.
1 Stunde 33 Minuten
Var det mote i steinalderen? Korleis skifta moten gjennom dei ulike periodane i gammal tid? Kva dreiv utviklinga gjennom dei tusenåra vi kan følgje? Var det berre eit spørsmål om betre idear og betre teknikkar? Eller kledde folk seg ufunksjonelt fordi dei meinte det såg stilig ut? – slik vi gjer i dag? Korleis fungerer klesdrakter frå førhistorisk tid for eit moderne menneske som prøver? Kva motiverer den som har smarttelefon til å drive med sånt?


 


Innspela i Fana 10. desember 2025.
1 Stunde 10 Minuten
I Nord-europa har vi eit vidt utbreidd kompleks av segner og skikkar runt jul og vinterstormar. I Noreg Oskoreia, juleskreia, julereia m.m., i Sverige særleg Odens jakt, i Danmark Odinsjegeren, på tyskspråkleg område Das wütende Heer eller Wode. Kva går desse tradisjonane ut på? Kan det vera slik at kjernen i dei er arv heilt frå det indoeuropeiske urfolket for 5000 år sidan?


Innspela 25.11.2025
58 Minuten
Gammalnorsk rún tyder ‘løyndom’. Men kva er runer? Eit alfabet eller magiske teikn? Vart samfunnet skriftleg då runene kom? Eller var dette kunnskap for dei få? Visste du at det fanst eit eige kryptert runesystem? – eller at vi på Toten har ei lang vikingtidsinnskrift som fortel om krig i Ukraina? Her får du eit variert dryss av runeinnskrifter frå ein periode på 1500 år.


Her kjem del 2. Tunesteinen, Østfold. Holesteinen,Ringerike (Svingerudsteinen). Innskrifter frå Bryggen i Bergen, frå dagleglivet. Eldre og yngre runerekke. Løynruner / krypterte runer. Skriftkultur, munnleg eller skriftleg samfunn.
1 Stunde 4 Minuten
Gammalnorsk rún tyder ‘løyndom’. Men kva er runer? Eit alfabet eller magiske teikn? Vart samfunnet skriftleg då runene kom? Eller var dette kunnskap for dei få? Visste du at det fanst eit eige kryptert runesystem? – eller at vi på Toten har ei lang vikingtidsinnskrift som fortel om krig i Ukraina? Her får du eit variert dryss av runeinnskrifter frå ein periode på 1500 år.


 


Opptaket er delt i to. Her kjem del 1: Kva er runer? Utfordringar i runologien. Alstad 2 om Ukraina. Den nye hirila-innskrifta frå Fyn i Danmark. Runologiens fyrste lov. Eggjasteinen og religionshistorisk kjeldeproblematikk.


Innspela i Oslo 27.10.2025.
1 Stunde 28 Minuten
Skaldediktinga er Nordens mest originale bidrag til verdslitteraturen. Sentralt i denne diktinga står eit svært omfattande system av omskrivingar, som vi kallar heite og kjenningar. Det er eit system av rebusar og kinesiske esker. Diktarane skaper heile tida nye former innanfor eit system av reglar. Det er ein leik med tradisjonen, basert på mytologisk kunnskap. Her prøver vi å forklare dette systemet.
58 Minuten
I dag har fysikk, astronomi, geologi, medisin, psykologi og andre vitskapar gjeve oss enorm kunnskap om korleis verda og mennesket heng saman. Men trongen til å forstå og forklare, har vi alltid hatt. Kva slag forklaringar laga folk seg den tida kunnskapen mangla?


 


Andre stikkord: Jutulhogget, fjellskred, lyn og torebrak / torden, dogg, opphavet til verda, spraking i elden, epilepsi,schizofreni, psykisk utviklingshemming, steinøks, dinosaurbein, segner, norrøn mytologi.
1 Stunde 29 Minuten
Er det mote i døden? Ja, det ser sånn ut når vi følgjer gravskikken gjennom siste 10 000 år. Ein gravhaug er vel eingravhaug, og ei gravrøys er vel ei gravrøys? Nei, så enkelt er det nok ikkje. Kva ville du valt? -Med eller utan fotgrøft? Med bautastein? Kanskje stjerneforma steinlegging? På eit nes der alle som fór i båt kunne sjå deg? Eller på høgda ved tunet, der du kunne følgje med på tabbane svigersonen din gjorde?Kva gjorde dei som ikkje var bufaste, eller dei fattigaste? Var kristninga eit framsteg for den som skulle liggja i grav? Og kva gjorde sosialdemokratiet etter krigen med gravskikken?
1 Stunde 47 Minuten
Kva er eit vikingskip, eller ei stavkyrkje? Det er kanskje ein kopi av eit skip frå vikingtida, eller ei kyrkje frå … stavtida. Nja. Når vi ser nærare på det, så er det komplisert på mange måtar. Det skal vi grava oss ned i her. Kor sanne er skipa som står oppstilte på Bygdøy? Kor lite kan du ha bevart for å kunne rekonstruere noko? Er det nok at skipet kan spela rolla som vikingskip? Velkomen til det nye bunadspolitiet.


 


Andre stikkord:Gokstadskipet, Osebergskipet, Bygdøy, Tuneskipet, Klåstadskipet, Skuldelev, Roskilde, Saga Oseberg, Draken Harald Hårfagre, Myklebustskipet, roskip, etymologi viking,Lothepus, Odda, bygningsvern, Gadamer.
1 Stunde 35 Minuten
Mesopotamisk religion er den eldste vi har fyldige kjelder til – det er i dagens Irak og tilgrensande strøk i vest. Kva slags religion hadde folk for så lenge sidan? Var det som kristendomen, eller meir som vår førkristne religion her i Norden? – eller til og med som i folketrua vår? Var det sterke gudinner eller dominerande mannsgudar? Var det gudar for naturfenomen, eller var det gudar for gatefeiing? Var gudane berre i templa, eller var dei heime hos folk? Eg kan avsløre at det var tusenvis av gudar og at varseltaking med sauelever stod sentralt. Det var her astrologien oppstod.


 


Andre stikkord: Irak, Tyrkia, Syria, Anatolia, Babylon, Assyria, persarane, Bibelen, jødane, sumerisk, akkadisk, sola og månen, Eufrat, Tigris, kileskrift, Ishtar, Gilgamesh, astronomi, Den gylne halvmånen, tidleg høgkultur, polyteisme, smågudar, gardvorden, tuftekallen, nissen, haugbuen, attergangarar / gjenferd.  
1 Stunde 44 Minuten
Orknøyane og Shetland var heilt norskspråklege i mellomalderen, som andre norske landsdelar. Språket måtte vike for engelsk på 1700-talet, men mange norrøne ord har overlevd i engelsken til moderne tid, og mykje norrøn folketru har overlevd – ofte knytt til norrøne nemningar. I denne episoden skal vi sjå på korleis tradisjonen om haugbuen og innbrot i gravhaugar har klart seg på Orknøyane. Dette var populære motiv i dei norrøne sogene, som har overlevd i mange segner på Orknøyane, omtrent som her på fastlandet.


 


Andre stikkord: Maeshowe, Orkhaug, Orkahaug, runeinnskrifter, Orknøyinga saga, norn, språkskifte, draug, troll,brownie, hogboon, hugboy, tuftekall, haugebonde, tunkall, gardvord, nissen på lasset, haugaeldr, vettelys, nålys, krosstog / korstog, Jorsal / Jerusalem.
1 Stunde 8 Minuten
Kor gamle er gardsnamna våre? Klarer vi å kople gamle gardsnamn saman med arkeologiske data om dyrking på staden? Tja. Ideen om urgarden som ein vedkubbe som vart kløyvd opp i mindre og mindre bruk, som vi kan sjå i namnematerialet – den har fått hard kritikk frå arkeologar, og er problematisk. Men kanskje kan vi berge ideen likevel, i ein kombinert modell. Urgarden er eit sentralt spørsmål både i namnegransking og arkeologi.
1 Stunde 11 Minuten
Kva rører seg i hovudet på han som står bak denne podkasten? Det dreiar seg om mykje rart, frå salsadansing til nordlandsbåt, via Odin, plantenamn og sans for praktisk arbeid. Og ein del tankar om forskingsmetode og korleis livet kan brukast. Gry klarte å lokke Eldar til å bli med på denne episoden, der han er gjest.