Anmeldung Registrierung
Auto Hell Dunkel
Erweiterte Suche

SunnhordlandPodden Archiv

428 Episoden
56 Minuten
Nils Hetleflåt brenn godt over snittet for friidrett og trening. Han er ein engasjert og dedikert trenar, som alltid stiller opp med sykkelen, uansett vær.

I denne episoden får du høyra om historia til Nils og om livet som trenar i Stord Friidrett, og som fagansvarlig for mellom og langdistanse i NFIF. 

Har du forresten vurdert å delta i Sunnhordland Maraton? Då får du nokre gode tips om korleis du kan legge opp treninga fram mot løpet. 

Sponsor: Sunnhordland kraftlag AS - SKL - https://skl.as
1 Stunde 24 Minuten
Cecilie Anna Hope Rønhovde beskriv seg sjølv som ein halvstudert røvar. Ho brenn for musikk, fine folk, og er aktuell med ein heilt ny song: «For My Sisters», som blir lansert 8. mars – på kvinnedagen. Du får bli betre kjent med historia til Cecilie Anna, venskapet med Awa Rahimpour og Awa United. Me kjem og inn på klokkespel, LetraMix og mykje framsnakk. 

Sjekk ut: 

Awa United https://www.awaunited.com 

For My Sisters https://www.youtube.com/watch?v=mqeZS_pWhdE 

Cecilie Anna - https://www.facebook.com/CecilieAnna 

Sponsor: Bakeriet Frugård https://frugaard.no
35 Minuten
Han har flytta til Stord frå Trøndelag, jobbar som leiar i Aker Solutions og har så klart Nils Arne Eggen som forbilde. Han er og leiar i soknerådet på Stord og brenn litt over gjennomsnittet for arbeidet som kyrkja driv. Til hausten er det kyrkjeval og i denne episoden vert du litt betre kjend med Anders Dahl og kva kyrkja på Stord driv med. Anders fortel om rolla til soknerådet og kven han meiner bør stille til val.

Episoden er produsert i eit kommersielt samarbeid med Kyrkja på Stord og i Nysæter

Sjekk ut: https://www.kyrkjastord.no og https://www.facebook.com/kyrkjaistord
1 Stunde 33 Minuten
Øyvind Hjelmen er fotograf og billedkunstner. Han har hatt fotoutstilling i 14 land. Han har vunnet mange priser for bildene han har tatt. Han er rett og slett en verdenskjent fotograf, som kommer i fra Stord. I denne episoden får du bli litt bedre kjent med mannen bak kamera. 

Torsdag 2. mars åpner utstillingen BROKEN SHADOW - UpNorth Art Society, Bergen

Sjekk ut: https://www.facebook.com/events/907713933702780/?ref=newsfeed 

De skriver: 

Velkommen til vernisassge og kunstnersamtale ledet av Halvor Folgerø torsdag 02.03.23 – kl.18-20

Det er en sann glede å presentere den prisbelønte fotografen Øyvind Hjelmen som vår første separatutstiller. Øyvind Hjelmen tør vi påstå er en av Norges fremste Fine Art fotografer, spesialisert i analogt sort/hvitt fotografi. Hans fotografier dokumenterer de små øyeblikkene av glede og melankoli, som forteller enigmatiske historier en erindrer

men aldri var del av.

Øyvind Hjelmen har arbeidet med fotografi og sitt kunstneriske uttrykk i over 25 år og har stilt ut over store deler av verden som USA, Tyskland, Russland, Italia, Frankrike, Japan med flere.

Verkene hans har blitt kjøpt av samlinger som Museum of Fine Art - Houston, Texas, og Centro Internazionale di Fotografia Scavi

Scaligieri – Verona, Italia for å nevne noen få.

I tillegg til sine fotografier har Øyvind Hjelmen også gitt ut en rekke bøker og blitt omtalt i fotografimagasiner som LensCulture og Analog Forever Magazine.

- - -

Sponsor: Print & Ramme - https://printogramme.no
54 Minuten
Endre Olsen fortel om korleis det var å delta på The Voice, og kvifor han bestemde seg for å være med på dette tv-programmet. 

Du får og høyra om kva musikken betyr for Endra, og kvifor han av og til tar litt utradisjonelle valg. 

Me er innom den musikalske-cv´n og pratar om «Angry Wasp», Blood Command, livet på turne, Olsen & Jensens viseklubb, kulturprisen fra Stord Kommune og «Olav H. Hauge-stipendet»  som er finansiert av Sparebanken Vest, Sparebankstiftinga Hardanger og Ulvik herad.

Sponsor: Fonna live
33 Minuten
Ho er oppvaksen i Hjørungavåg på Nord-Vestlandet men busett i Sunnhordland. Ho har eit sterkt engasjement for næringslivet i regionen vår, - og er såleis ein perfekt match med stillinga som leiar for Invest In Sunnhordland. I denne podkasten får du vite meir om kva Lene arbeider med, kven ho samarbeider med, - og me har sjekka litt ut kven ho er på privaten. Absolutt verdt å låne øyra til!

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Lene, Leiar for Invest in Sunnhordland: 481 51 050  lene@atheno.no

Denne episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Atheno.
1 Stunde 2 Minuten
Kjell Storelid er kåra til århundres idrettsutøver frå Stord. I denne episoden fortel han om si historie og korleis det var å vinna to sølv under OL på Lillehammer i 1994. Han tar oss med til 13. februar 1994 og deler om korleis den dagen var for han. Du får høyra om korleis det går med planane om Skeisehall på Vikahaugane og kvifor Kjell brenn for frivillighet og idrett. Kjell fortel og om kva som må til for å lukkast som idrettsutøvar. I dag jobbar Kjell Storelid for Wärtsilä på Stord, og han deler litt om ammoniakktesting og framtidas drivstoff for shipping. Du får og med deg kva Kjell har tatt med seg fra toppidretten inn i næringslivet. 

Sponsor: Stord tannregulering - http://www.stordtannregulering.com 
51 Minuten
Aleksander Fauske fortel om korleis det var å flytta heim til Tysnes, og etter kvart starte opp sitt eige foretak - Lynghaugane Møbelverkstad. 

Høyr om kortreist, kvalitetsmøblar av edeltre og vegen frå nøtt til ferdig møbel.  

Sjekk ut: 

https://www.lynghaugane.no 

https://www.instagram.com/lynghauganemobelverkstad/

Sponsor: Tysnes Kraftlag - https://www.tysneskraftlag.no
44 Minuten
Thor Oddvar Havn deler litt av sin historie i denne episoden av Sunnhordlandpodden. Han jobbar som Restaurantsjef for Stord Hotell og er utdanna Somelier og Pommelier. Kva det betyr får du høyra meir om i episoden. Men Thor Oddvar har og andre interesser, og deler glimt frå blodige fisketurar og tidenes aurefangst i Storavatne på Fitjar. 

Thor Oddvar skal og være med i eit Show saman med Åge Stokken på Gruvo pub 17 og 18 februar. Korleis det har seg får du og svar på i denne episoden.

Sjekk ut Siderpodden til Thor Oddvar!

Sponsor: Kloster Laks - http://klosterlaks.no
49 Minuten
Lørdag 4. februar skal Per Kristian Kvalheim synge på Mono-Log FESTIVAL 1 – på Arena.

I denne episoden får du bli litt betre kjend med PK og den musikalske reisa han har vært på. 

NB: Få med deg heile episoden, for mot slutten får du med deg ein liten konkurranse ... 

Sjekk ut:

https://www.instagram.com/keltersonmusic/

https://www.facebook.com/Kelterson

https://open.spotify.com/artist/5GPe35XDPM4Dhlxb7j6uZg?si=QikbjiC9S3qezhzrf1dmdw

https://www.mono-log.no/kelterson

Sponsor: Fonna live
37 Minuten
I denne episoden blir du kjend med Karina Bunes som er visningsvert ved Engesund Fiskeoppdrett Visningssenter. 

Du får høyra om korleis det er å være ein reiselivsdestinasjon i Sunnhordland, og korleis dei set Fitjar på kartet.  

Kanskje lærer du og noko nytt om akvakulturnæringa og historia til Engesund Fiskeoppdrett. 

Sponsor: Fitjar kommune - https://www.fitjar.kommune.no

Fitjar, det naturlege valet for verksemder i etablering eller under vekst. Her finn du ferdig regulert næringsareal og næringseigedom, utviklingsområder, ein positiv og framoverlent kommune, og eit næringsliv prega av optimisme og vekst. Alt omkransa av landets vakraste skjergard. Velkommen til Fitjar!
53 Minuten
Åsmund Nesse fortel om sin musikalske reise og andre reiser han har vært på, både til Sør-Amerika og Nordkapp. 

Du kan lytta til Åsmund sin musikk på Spotify. 

Fredag 20. januar 2023 kom den nye sangen Ør og fortumla. 

Du får og høyra om utfordringar med Bømlo-dialekt, om livet i Bømlo-nytt og ost av upasteurisert melk. 

Sponsor: Martech marine & industriservice as

Martech har brei kompetanse på kompositt, dei bygger og reparerer det meste i glass og Carbonfiber.

Kundene til Martech brukar de til reparasjon og ombygging av blant anna vindmølleblad, oppdretsbåtar, matfiskproduksjon og større kommersielle fartøy.

Martech selge blant anna glassfiber, polyester og industrimaling rett ifrå lager.

Treng du hjelp til et prosjekt kan dei bistiå med både material utregning og prosjekt planlegging.

Følg Martech på Facebook, og sjekk i bildearkiv kva oppdrag Martech har gjort for andre

Ta kontakt på telefon 47 90 68 68 eller send ein e-post til svein@msafe.no
59 Minuten
Edvard Thormodsæter bur på Stord, og jobbar som leiar for Human AS sin avdeling i Bergen.

I denne episoden deler han litt av sin historie, frå oppveksten på Halsnøy, vegen inn i næringslivet og korleis du som leiar kan skape konkurransefortrinn gjennom gode rekrutteringsprosessar. Du får Edvard sine beste tips til bedrifter som skal rekruttere nye medarbeidere, og tips til deg som er jobbsøker. 

Når Edvard ikkje er i Bergen, har han kontor hos Atheno her på Stord, så vil du prate meir med han om gode rekrutteringsprosessar er det berre å stikke innom der.

Sponsor: Aker Solutions

- Det er spennande tider i hjørnesteinen på Stord, med store investeringar i menneske, teknologi og anlegg. Verksemda skal i åra framover gjennomføra store og kompliserte energiprosjekt til både tradisjonelle og fornybare næringar, og er no på jakt etter 150 nye medarbeidarar til verksemda på Stord. Følg med på akersolutions.com for spennande moglegheiter!
47 Minuten
Marco Thomas er ein coach med internasjonal erfaring, teaterpedagog, workshopleder, foredragshaldar, skodespelar og personleg trenar. Han er leiken, raus og interessert. I denne episoden får du bli betre kjend med Marco og korleis han hjelper bedrifter med å utvikle medarbeiderne sine ferdigheter innen kommunikasjon, opptreden, kommunikasjon og emosjonell kompetanse.

Kort sagt, å bygge ein bedriftskultur og ein visjon der menneskene utgjør forskjellen og finner seg igjen.

Me kjem og innom Teartig - ei teatergruppe for vaksne, Valestrand kulturfestival, trening og meining i livet. 

Les meir om Marco på https://www.learntofly.no

Denne episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Atheno. 
1 Stunde 3 Minuten
Stein Braathen fortel om korleis det var å drive Sykkel & Sport i 31 år og om livet som engasjert pensjonist. 

Stein er leiar for Sagvåg Bygdalag og brenn for aktivitet i Sagvåg. Ved fleire høve har dei fått god støtte frå Sparebanken Vest sitt Ildsjelfond. 

Han er og styreleiar i Stiftinga "Fest i Vest".     

Stein er og ein aktiv jeger og deler glimt frå hjortejakta. Veit du forresten kva du må gjera om du køyrer på ein hjort? Det får du svaret på i episoden. 

Til slutt kjem vi og inn på den store kjærleiken og nokre gode ekteskapstips.