Anmeldung Registrierung
Auto Hell Dunkel
Erweiterte Suche

SunnhordlandPodden Archiv

428 Episoden
47 Minuten
Anne-Grethe Sandtorv skal trappe ned etter 15 år som leiar for Stord Næringsråd og Torbjørn Brosvik er klar for å ta øve stafettpinnen. Bli betre kjend med både Anne-Grethe og Torbjørn, lær om kva næringsrådet har fokus på og høyr om det som er på programmet den 8. juni når Stordkonferansen vert arrangert for 23. gong. 

Sjekk ut: https://www.stordkonferansen.no/

Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med: Stordkonferansen
47 Minuten
Grzegorz Gregor Gorczynski fortel om reisa frå Polen til Norge og om korleis Lego Masters Norge har forandra livet.

Du får og høyra om «Gregorsky BrickWorld» og draumen Gregor har, og om korleis Lego kan være med å byggje gode relasjoner.

Slå følge med Gregor på Instagram: https://www.instagram.com/gregorsky.brickworld/

Gorczynski har vist seg å vere ein ekspert på å bygge med Lego-klossar, og hans kreative tilnærming til Lego-bygging har gjort at han har fått ein stor følgjarskare.

Gorczynski er ein av mange som har oppdaga den kreative krafta i Lego-klossar. Han har brukt Lego til å bygge alt frå små figurer til store, imponerande byggverk. Med ein unik stil og eit godt auge for detaljar, har Gorczynski skapt ei rekkje imponerande Lego-kreasjonar som har vore ein stor inspirasjon for andre Lego-entusiastar.

Kreativitet er ein viktig del av Lego-bygging, og Gorczynski er ein stor forkjempar for å utforske den kreative sida av Lego. Han oppmuntrar andre til å eksperimentere med ulike design og idear, og å prøve nye ting når dei bygger med Lego. For Gorczynski er Lego ikkje berre ein hobby, det er ein måte å uttrykke seg på og å dele si kreativitet med verda.

Sponsor: Subshore - https://subshore.no/
51 Minuten
Neeta Sankholkar er Norges første kvinnelige cricket-trener! Du får bli betre kjend med Neeta som fortel om oppveksten i India, reisa til Stord og kor viktig det er å forstå kulturelle forskjeller. Neeta brenn for Stord Cricket Klubb, utdanning og god mat.

Sjekk ut https://www.facebook.com/stordcricketklubb/

Kom gjerne på Kafé med indiske og afghanske mat laurdag 6. mai: https://www.facebook.com/events/1664353160675732/?ref=newsfeed
1 Stunde 9 Minuten
Professor dr.philos. Dag Jørund Lønning er rektor ved Høgskulen for grøn utvikling.

Kampen for Grøntida blir Dag Jørund Lønning sitt viktigaste prosjekt i åra framover.

I denne episoden blir du betre kjend med Dag Jørund og det han brenn for.

Du får og tips om kompostering og hagestell. Og ikkje minst svaret på kva du kan gjera med all skvallerkålen i hagen (om du har det).

Sjekk ut:

www.jordboka.no

www.loseboka.no

www.kompostboka.no

www.hgut.no

Litt egenreklame: Sjekk ut https://www.lekendelett.net om du vil han hjelp med digital innhaldsproduksjon.
1 Stunde 1 Minute
Kjenner du til Reko-ringen Sunnhordland og kva dei kan tilby?

I denne episoden er Irene Dalland og Gina Digernes på besøk i studio og fortel om Reko-ringen Sunnhordland og kvifor dei brenn for lokalprodusert mat.

Du får eit glimt av korleis det er å vera bonde på Bømlo og på Tysnes. Du får høyra om Garden På Bråtaneset, Sikje Småbruk og Garden på Dalland.

Du får svar på:

Kva betyr det å vera Debio-sertifisert?

Kva er økologisk mat?

Kvifor er det lurt med piano i fjøset?

Og mykje meir.

Sjekk ut: https://www.facebook.com/groups/295587504434241

Sponsor: Bømlo Storsenter - https://bomlostorsenter.no/
30 Minuten
Stord Kommune  har høge ambisjonar. Kommunen er regionssenter i Sunnhordland og skal vera føregangskommune i det grøne skiftet og utvikla inkluderande fellesskap der innbyggjarar trivst og lever gode og trygge liv. No er ein viktig stilling ledig, og ordførar Gaute Straume Epland er gjest i Sunnhordlandpodden for å fortelja om jobben som kommunedirektør. Er du interessert i å søka på stillinga, eller lurer du berre på kva jobben som kommunedirektør inneber? Då er dette episoden for deg. 

 

Les meir om stillinga her: https://human-as.no/ledig-stilling/325196/kommunedirektf8r/r  

Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Human AS og Stord Kommune. 
40 Minuten
Rønnaug Nymark er Direktør for Bekkjarvik Gjestgiveri AS som snart opnar opp Beckerwyc House.

I denne episoden blir du litt kjent med Rønnaug. Du får høyra om historia til Bekkjarvik Gjestgiveri, destinasjonsutvikling og kvifor du bør ta ein tur til Austevoll for å oppleve det nye Beckerwyc House. Sjekk ut: https://www.beckerwychouse.no/

Sponsor: Alde Akva - https://aldeakva.no/
48 Minuten
Kråko er eit sjøhytteområde på ei halvøy vest i Fitjar, som har vakse fram frå «ingenting» til ein moderne Fritids-destinasjon ved sjøen. I denne episoden fortel Johannes Sandvik om denne reisa, med både nedturar og oppturar. Du får og høyra om andre prosjekt som Johannes brenn for, og spennande ting som er på gong på Fitjar. 

 

Sponsor: Fitjar Kommune 
46 Minuten
I denne episoden blir du litt bedre kjent med Leif Ottar Heimro som er leiar for opplæringsavdelinga ved Aker Solutions og eldsjel i frivillig arbeid for Idrettslaget Solid. Leif Ottar har og eige museum i garasjen, der han samlar på mykje forskjellig.

Vurderer du å ta yrkesfag? Er du interessert i å bli lærling i industrien? Då har Leif Ottar gode tips til deg i denne episoden.

Du får og høyra om korleis det er å være dommar i Worldskills Norway.

Sponsor: Aker Solutions - https://www.akersolutions.com/
37 Minuten
Khiem Nguyen fekk Willy Frivillig-prisen i 2022. I denne episoden får du bli betre kjend med Khiem og korleis livet er som student på HVL på Stord.

Khiem er leiar for Studentidrettslaget Råmund og ein aktiv pådrivar for frivillig arbeid blant studentar.

Sponsor: Pizza King AS
31 Minuten
Reidar Horneland brenn bokstavelig talt for edle dråpa. Og han er kanskje ein av dei mest tolmodige i Sunnhordland. I denne episoden får du høyra om oppstarten av Hiernagla Brenneri i Sveio.

Korleis er det å starte opp med produksjon av whisky på vestlandet?

Om Værbitt Motbør Gin, og akevitten som forsvann fortare enn venta. Du får og høyra litt om dei ulike råvarene og prosessane i whiskyproduksjon, og kva andre produkt og opplevingar dei kan tilby i Hiernagla Brenneri.

NB: NYT ALKOHOL FORSVARLIG. Sponsor: Stord Hotell - https://stord-hotell.no/
10 Minuten
Her er eit lite bonus-klipp med Cecilie Anna og Einar Økland.

Takk for eit flott besøk i studio Cecilie Anna!

Har du ikkje lytta til episoden finn du den her: https://open.spotify.com/episode/4cIqUK1tEx4zlSORjlvO96?si=2811f91553c14bef

Vil du støtte SunnhordlandPodden?

Sjekk ut: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/subscribe

Vil din bedrift bli sponsor?

Ta kontakt via post@sunnhordlandpodden.no
43 Minuten
Anne Lene Østvold Jordåen fortel om eit pilotprosjekt om "Barn og unges medverknad i kommunale planprosessar".  

Og du får høyra ein podkast som Elevar frå Langeland Skule har laga i samband med dette prosjektet.

Eining for kultur og Fagkontor plan fekk i august 2022 midlar frå Kulturtanken til gjennomføring av eit prosjekt som skulle ha fokus på barn og unge sin medverknad i kommunale planprosessar. Målet med prosjektet var å finna gode metodikkar for korleis kommunen kan skapa engasjement og inkludera barn og unge i planarbeid. Fokus var på at barn og unge skal få høve til å komma med innspel gjennom ulike kunstuttrykk. Blant anna via podkast.

Dei som har arbeidd med prosjektet er heilt overvelda over engasjementet og refleksjonane til elevane.

Tema som dei kom med innspel om: 

Der eg bur - korleis vil me ha det? 

Det eg likar å gjera - kva ynskjer du å fylle tida di med? 

Dette tek me vare på - kva vil me ha med oss inn i framtida? 

Vil du støtte SunnhordlandPodden?

Sjekk ut: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/subscribe
29 Minuten
Visste du at det er ein Dyrehage i Sunnhordland? Ein dyrehage med meir 100 dyr, fordelt på ca. 28 ulike artar.

I denne episoden får du bli betre kjent med Lillian Anthonessen som driv Myrvold Gård på Huglo, og høyra historia bak Dyrehagen på Huglo. 

Du får og høyra om glamping, lokalprodusert mat og planane dei har for framtida. 

Sjekk ut:

https://myrvold-besoksgard.webnode.page/

https://www.instagram.com/myrvoldgard/

Myrvold Gård på Facebook

Episoden er produsert i eit kommersielt samarbeid med Atheno - https://atheno.no/
29 Minuten
Heidi Rolfsnes skal ha konsert den 26. mars i Bremnes kyrkje. I denne episoden får du litt av historien til Heidi og du får høyre om kvifor ho no inviterer til konsert. På programmet står songar av Lina Sandell, inspirert av Carola sitt album "Blott en dag". 

Sjekk ut: 

https://bomlokulturhus.no/bremnes-kyrkje-blott-en-dag-w7syg6/

Sponsor: Sag & Bygg - https://www.sagogbygg.no