Anmeldung Registrierung
Auto Hell Dunkel
Erweiterte Suche

SunnhordlandPodden Archiv

428 Episoden
36 Minuten
God jul fra SunnhordlandPodden! 

Vonar at denne juleepisoden med Kristi Yttredal Moe kan bidra med litt julestemning til deg, der du er. 

Vil du tipsa nokon om podkasten?  

Då kan du dele denne lenka med dei: https://www.sunnhordlandpodden.no/slik-abonnerer-du-pa-podcasten/ 
26 Minuten
Studerer eller arbeider du ein annan plass i landet? Men samtidig vurderer å busette deg og arbeide i Sunnhordland? Då vil eg anbefale å lytte til denne episoden med Nina Haara Matre i Bu i Sunnhordland. 

I dag er episoden laga i eit kommersielt samarbeid med Atheno og Sunnhordlandsrådet IKS.

Nyttårstreff    

Dato: 3. januar 2023    

Stad: Atheno - Vabakkjen 6

Tid: 18:30 - 21:30 

Påmelding, send e-post til nina@buisunnhordland.no

Les meir her!
46 Minuten
Hrafn  «Rappi» Thorsteinsson fortel om korleis det var å flytta frå Island til Fitjar. 

Du får bli betre kjent med «Rappi» som er ein ekte Fitjar-patriot. Han er ein engasjert mann, både på jobb og fritid. 

Du får høyra om Fitjar Frivilligsentral, Fitjar Næringsråd, Fitjar mekaniske verksted og mykje meir. 

Sponsor: Fitjar kommune - https://www.fitjar.kommune.no

Fitjar, det naturlege valet for verksemder i etablering eller under vekst. Her finn du ferdig regulert næringsareal og næringseigedom, utviklingsområder, ein positiv og framoverlent kommune, og eit næringsliv prega av optimisme og vekst. Alt omkransa av landets vakraste skjergard. Velkommen til Fitjar!
56 Minuten
Den 12. mai 1943 vart Anton Johannes Sandvik tatt til fange på Fitjar av tyske soldatar. Frå desember 1943 til slutten av mars 1945 var han fange i den tyske konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Harald Johan Sandvik, son til Anton Johannes, har laga bok om livet til faren. I denne episoden får du bli litt betre kjend med Harald Johan Sandvik, og historia til faren.

Fra omtale av boka:

"Johannes Sandvik er spesielt kjend som aktiv i heimefronten under krigen. Han var med i kampane i Valdres i 1940, og seinare dreiv han med våpentransport i ytre Sunnhordland. Aller mest dramatisk var det då han gøymde ein sterkt ettersøkt mann og transporterte han og venene hans ut av fåresonen. Til slutt vart han sjølv teken av tyskarane."

Sponsor: Fitjar kommune - https://www.fitjar.kommune.no

Fitjar, det naturlege valet for verksemder i etablering eller under vekst. Her finn du ferdig regulert næringsareal og næringseigedom, utviklingsområder, ein positiv og framoverlent kommune, og eit næringsliv prega av optimisme og vekst. Alt omkransa av landets vakraste skjergard. Velkommen til Fitjar!
37 Minuten
I samband med at SunnhordlandPodden har hatt over 100 000 avspillingar, tok Tine Andrea Torkelsen Bergendahl initiativ til å lage ein episode litt utanom det vanlege. I denne episoden får du bli litt betre kjend med skaparen av  SunnhordlandPodden, Kjetil Fyllingen. Du får historia bak podkasten, og eit lite innblikk i korleis det er å drifte ein slik podkast. 

Sponsor: Subshore - https://subshore.no
1 Stunde 7 Minuten
Magdalena From Delis og Severin Eskeland har vært på "Screamfest Horror Film Festival" i Hollywood med filmen Number 7. Men fikk de lyst til å flytte fra Sunnhordland til Hollywood? Det får du svaret på i denne episoden. Du får og høyra litt om framsyninga "Isdronninga og Beverfamilien" eit musikkteater skrive av Magdalena From Delis. Les meir om det her: https://stord.kulturhus.no/forestilling-q3clk9/. 

NB: På slutten av episoden får du eit kort bonus-intervju med ein viktig person i Sunnhordland. 
50 Minuten
Kvifor er lokalavisa viktig? Svaret får du i denne episoden. 

Redaktør i Bladet Sunnhordland, Marit Holm, deler sin historie og sitt engasjement for journalistikk. 

Du får høyra om reisa frå Vesterålen til Vestlandet, og korleis det var å komme til Sunnhordland. 

Sponsor: Aker Solutions 

- Det er spennande tider i hjørnesteinen på Stord, med store investeringar i menneske, teknologi og anlegg. Verksemda skal i åra framover gjennomføra store og kompliserte energiprosjekt til både tradisjonelle og fornybare næringar, og er no på jakt etter 150 nye medarbeidarar til verksemda på Stord. Følg med på akersolutions.com for spennande moglegheiter!
1 Stunde 7 Minuten
Fredrik Litleskare er ein engasjert mann på mange områder. I denne episoden får du bli betre kjend med hans historie, og mange morosame episoder i livet. 

Vi er innom soldatlivet, politikken, nær døden opplevingar (ganske mange), møte med Kongen, boksekamp mot Ole «Lukkøye» Klemetsen og mykje meir. 

Sponsor: https://www.jarlesteinsland.no 
51 Minuten
Debora «Debby» Luci Nunes Queiroz Fosse fortel om reisa frå Brasil til Etne og om korleis det var då Koronaepidemien herja i heimlandet. 

Debby opplevde at sju av hennar næraste gjekk bort på grunn av covid-19, mellom anna ei kjær søster. Sorga var grenselaus, men ut av det vonde kom og noko vakkert. Høyr om korleis det å støype lys er sorgterapi for Debby. 

Du får også høyra om Drivhuset i Etne.

Sjekk ut: https://www.instagram.com/sostermeri/ og https://www.sostermeri.no

Sponsor: Engelsen Anlegg AS - https://www.engelsenanlegg.no
47 Minuten
Svein Jonasen dreiv butikk i Sagvåg i mange år. I denne episoden får du høyra litt om korleis det var å veksa opp i Sagvåg på 1930-talet, om krig og bomber, og om butikkdrift før og no. 

Sponsor: Rema 1000 Sagvåg

Den 25. november er Rema 1000 i Sagvåg 5 år.

Den fredagen inviterer Gunnlaug Almås til kaffi og kake. 
42 Minuten
Hydrogen spelar ei viktig rolle i det grøne skifte. Thor Henrik W Hagen er CEO for Hydrogen Solutions og i denne episoden får du betre kjennskap til han, hydrogen og kva HYDS jobbar med. Du får og svar på korleis det kan være å flytta frå Oslo til Stord i Sunnhordland. 

Hydrogen Solutions jaktar no på ein CFO. Den stillinga kan du høyra meir om i denne episoden av Human-talk.

Spesialepisode: Denne episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Human AS - https://human-as.no 
44 Minuten
Kva skal til for å bli ein fosterheim? Og kor stort er behovet for fosterheim i vår region?

I denne episoden tar eg ein prat med 2 kjekke damer, Inger Elin Våge og Gry Bjelland, frå Bufetat, fosterhjemtjenesten avd Haugesund, som innbefattar Sunnhordland. 

Du får blant anna svar på: 

Kva kreves av fosterforeldre?

Kor lang tid tar det å bli fosterheim? 

Kva ulike typar fosterheim er det? 

Sjekk ut: Fosterhjemstjenesten i Rogaland og Vestland

Sponsor: Subshore AS - https://subshore.no
45 Minuten
4.-11 november er det igjen klart for Falturiltu - det største enkeltståande nynorskarrangementet i landet vårt. Kunstnarleg leiar for Falturiltu og forfattar – Roald Kaldestad er med i denne episoden og du blir betre kjend med han og ein av dei mest besøkte litteraturfestivalane for barn- og ungdom i Noreg.  

Roald brenn for høgtlesing, og du får ein smakebit av boka Englafjell. 

Les meir om Falturiltu på https://www.falturiltu.no 

Sponsor: Sunnhordland Trafikkopplæring AS - https://su-tra.no
34 Minuten
Kvinnehelse er eit aktuelt tema. Det manglar framleis kunnskap om effekt behandling av typiske kvinnesjukdommar.   Sigrund Breistig har forska på kvinnehelse, og den 28. september kom hu til finalen i «Forsker Grand Prix». Korleis det gjekk og kva hu har forska på skal du få høyra meir om i denne episoden.   

Sigrund brenn og for å få etablert ei spesialisering i Sjukepleiefaget - for Gynekologisk sjukepleie.

Sponsor: Engelsen Anlegg AS - https://www.engelsenanlegg.no
56 Minuten
Folkebiblioteka har ei enormt viktig rolle, og er ein institusjon det er viktig å heia på. Derfor har eg invitert Elin Mariboe og Ingrid Leithaug Mjanger på besøk i SunnhordlandPodden. I denne episoden blir du betre kjend med dei, og med biblioteka på Stord og Bømlo. 

Folkebiblioteka skal bidra til demokrati og ytringsfridom i samfunnet ved å sikra tilgang til informasjon og å gi arenaer for ein open og opplyst offentleg samtale. 

Sponsor: Subshore AS - https://subshore.no