Ellinor Austad Bergesen - om Fitjar Frivilligsentral: 25 år med engasjement og samhørighet

Ellinor Austad Bergesen - om Fitjar Frivilligsentral: 25 år med engasjement og samhørighet

vor 1 Jahr
39 Minuten
0
0
Podcast
Podcaster

Beschreibung

vor 1 Jahr

Ellinor Austad Bergesen, leiar for Fitjar Frivilligsentral, har
vore drivkrafta bak frivillig arbeid på Fitjar i 25 år. Ho deler
sine erfaringar frå å leie frivillige prosjekt, utvikle
aktivitetar for alle aldersgrupper, og kor viktig det er å knyte
saman lokalsamfunnet gjennom frivillig innsats. Ho fortel om både
høgdepunkt og utfordringar, og avslører ei spennande nyheit som
kjem til neste år.


Vi får også høyre om hennar personlege reise – frå å vere
Hammerfests første kvinnelige taxiførar (på hobbybasis), til å
bli engasjert i frivillig arbeid og leie ein av dei viktigaste
samfunnsaktørane på Fitjar.


Høyr om korleis frivillig arbeid kan endre liv og skape eit
sterkare lokalsamfunn.





Støttespelar: Fitjar Kraftlag


Denne episoden er laga med støtte frå Fitjar Kraftlag. Kvart år
deler Fitjar Kraftlag ut støtte til ålmennyttige tiltak, og eg er
svært takksam for at dei ville bidra til produksjonen av
Sunnhordlandpodden. Kjekt at dei ser verdien av framsnakk!


Fitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør, eigd
av fitjarbuen sjølv og andre medlemmar i kraftlaget. Overskotet
frå kraftlaget kjem lokalbefolkninga på Fitjar til gode gjennom
utdeling av ålmennyttige midlar. Målet til Fitjar Kraftlag er å
vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette
for vekst på Fitjar.



15
15
Episode teilen
Ellinor Austad Bergesen - om Fitjar Frivilligsentral: 25 år med engasjement og samhørighet
Ellinor Austad Bergesen - om Fitjar Frivilligsentral: 25 år med engasjement og samhørighet

Close