I år skal Sagvåg verkeleg skinna i
adventstida. Julegato i Sagvåg blir
større enn nokon gong – med aktivitetar kvar søndag i advent,
boder, musikk, lys, og overraskingar for både små og store.
Bak mykje av engasjementet finn me Margrete Lauksund
Almås, leiar for Sagvåg Forum, småbarnsmamma og
organisasjonskonsulent ved Høgskulen på Vestlandet.
I denne episoden får du møta Margrete – ei varm, initiativrik
dame som brenn for lokalsamfunnet. Ho deler korleis Julegato
Sagvåg har vakse fram, kvifor dugnadskulturen her betyr så mykje,
og korleis eit lite mysterium med forsvunne julelys nesten skapte
trøbbel for årets pynting.
Me snakkar òg om oppvekst, engasjement, lærarstudiet,
draumejobben og korleis ho har hamna i rolla som «ho som får ting
til å skje».
Du får høyra både humoristiske historier frå barndommen og
innsikt i korleis ho balanserer jobb, små ungar og frivillig
arbeid – og kvifor ho elskar Excel-ark litt meir enn dei fleste.
Sponsor: Sagvågshagen
Dagens episode er sponsa
av Sagvågshagen – ein heilt ny, grøn
oase midt i Sagvåg sentrum.
Her kjem det opp til 35 nye
leilegheiter fordelt på seks bygg, frå ca. 45 til
90 kvadratmeter. Perfekt enten du vil ha noko lettstelt, eller
treng litt meir plass – men likevel vil bu sentralt
og godt i Sagvåg.
Sagvågshagen er det første bustadprosjektet i Stord kommune som
følgjer den nye utomhusnorma frå 2024. Det
betyr kvalitetsrike uteområde med
leikeplass, gode sitjeplassar med og utan tak – og ein
gjennomført grøn trivselprofil.
Mange av leilegheitene får høg sol- og utsiktsfaktor, særleg mot
utløpet frå Storavatnet – der du kan nyta stillheit,
ettermiddagssol og utsikt mot hamnebassenget.
Det blir skikkeleg støyskjerm mot hovudvegen, moglegheit
for innglassa balkong som gir deg ei
ekstra “stove”, og fleire løysingar for parkering: ute, i carport
eller i felles garasje.
Vil du vite meir,
sjå sagvaagshagen.no – kanskje er din
neste heim midt i Sagvåg sentrum.
Kommentare (0)
Melde dich an, um einen Kommentar zu schreiben.