Anmeldung Registrierung
Auto Hell Dunkel
Erweiterte Suche
  1. Startseite
  2. Podcasts
  3. SunnhordlandPodden Podcast
  4. Kjell Magnus Økland - Naust til folket
Kjell Magnus Økland arbeider som prosjektleiar for Nytt liv i
Naust og sjøhus hjå Forbundet Kysten. Han er litt over
gjennomsnittet oppteken av båtar, roing og naust. Så oppteken at
han har fått tilnamnet «naustfluensar».

I denne episoden fortel han kvifor naust og sjøhus langs kysten
står i fare for å forsvinna – og korleis dei kan få nytt liv som
møteplassar for barn, unge, skular og lokalsamfunn.

Han deler også historia om oselvaren, boka han brukte tolv år på
å skriva, seglturar til Shetland og Karibia og draumen om eit
fellesnaust midt i Leirvik.

Kan tradisjonelle båtar bidra til betre folkehelse, meir bulyst
og sterkare fellesskap? Og finst det pengar å søkja på dersom du
eig eit naust som treng vøling?

Ei engasjerande samtale om kystkultur, kulturvern og kvifor
fleire bør få oppleva Sunnhordland frå sjøsida.

Sponsor: Sagvågen Kystlag

Sagvågen Kystlag er ein del av det landsomfattande Forbundet
KYSTEN og har i over 30 år arbeidd for å ta vare på og formidla
lokal kystkultur.

Laget held til i eit historisk område knytt til Ottesen
Skipsbyggeri, der det har vore drive skipsbygging av den same
familien i meir enn 200 år. Her tek kystlaget vare på kunnskap,
teknikkar, maskinar og historia om menneska som har arbeidd på
verftet.

I dag er laget særleg oppteke av å vøla og ta vare på mindre
båtar med årar og motor – båttypar som har vore vanlege i
distriktet vårt. Dei har også lagt stor vekt på formidling til
barnehagar, skuleklassar, lag og organisasjonar.

På Vervadagen, den 29. august, kan du oppleva noko av dette
arbeidet på nært hald, få kjøpt mat og handla produkt frå lokale
produsentar og kunstnarar.

Program og meir informasjon kjem på Facebook - Søk opp Sagvågen
Kystlag og følg dei på Facebook! 

Stor takk til Sagvågen Kystlag for at dei støttar
Sunnhordlandpodden!
Episode melden

„Kjell Magnus Økland - Naust til folket“

Worum geht es? Danach fragen wir noch nach dem Grund.

Abonnenten

Teilen

Mein Archiv

Deine Privatkopie der Folgen, die du nicht verlieren willst.

Podcast-Folgen verschwinden. Feeds werden auf die letzten Episoden gekürzt, Hoster räumen alte Dateien ab, Formate wechseln den Anbieter und lassen ihr Archiv zurück. Mit „Mein Archiv“ sichert podcast.de die Folgen deiner Podcasts für dich — angefangen bei den ältesten, denn die sind zuerst weg.

  • Deine gesicherten Folgen bleiben hörbar, auch wenn das Original offline geht.
  • Auch Folgen, die im heutigen Feed gar nicht mehr stehen — podcast.de kennt sie noch.
  • Herunterladen bleibt möglich, solange die Folge beim Podcaster liegt. Der zählt seine Abrufe wie bisher.
Startet bald

Sei beim Start von Mein Archiv dabei

Mein Archiv ist fast fertig. Trag dich ein, dann bekommst du eine E-Mail, sobald es losgeht – und bist von Anfang an dabei. Wir schreiben dir nur zum Start, keine Werbung, keine Weitergabe deiner Daten.

Du bekommst zuerst eine Bestätigungsmail. Abmelden geht jederzeit. Datenschutz