Podcast
Podcaster
SunnhordlandPodden
Du folgst jetzt diesem Podcast.
Beschreibung
vor 1 Jahr
I 2024 debuterte Helen Daae Frøyseth med boka Et skriveliv. I
denne episoden av Sunnhordlandpodden får du høyra ei sterk og
ærleg historie om å våga, skriva – og om å bli møtt av både
heiarop og motstand.
Vi snakkar om skrivelyst, kjærleik til poesi, litterære
refusjonar, overgangen frå byliv i Bærum til bygdeliv på Tysnes –
og ikkje minst: korleis det kjennest når boka endeleg er ute, og
verda skal meine noko om det du har skrive.
Helen deler òg opent frå tida som redaktør i Bladet Tysnes –
inkludert korleis det var å bli råka av nettroll på ein liten
plass.
Du får òg høyra kva som kan gjera henne adrenalinsint …
Dette er episoden for deg som…
drøymer om å skriva, men lurer på om du er god nok
har kjent på både skrivelyst og skrivesperre
vil høyra korleis det er å debutera med bok
er nysgjerrig på livet som redaktør i lokalavis
har opplevd nettroll og kjenner på behovet for mot og grenser
likar poesi, nynorsk og ærleg refleksjon
vurderer å flytta frå by til bygd – eller har gjort det
treng ein påminnar om at det å stå i motstand òg er ein del
av livsreisa
Slå følgje med Helen på Instagram:
https://www.instagram.com/haldefram/
Boka, Et skriveliv, kan du kjøpe her:
https://www.ark.no/produkt/boker/skjonnlitteratur/et-skriveliv-9788281633162
Sponsor: Tysnes gjev meirsmak
Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera
alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei
beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste
utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt
alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande.
https://www.visittysnes.no
Weitere Episoden
35 Minuten
vor 9 Monaten
49 Minuten
vor 9 Monaten
52 Minuten
vor 9 Monaten
41 Minuten
vor 9 Monaten
33 Minuten
vor 9 Monaten
Kommentare (0)
Melde Dich an, um einen Kommentar zu schreiben.