SunnhordlandPodden Archiv
428 Episoden
39 Minuten
Han er eventyraren som trivst både over skyene og midt i vill natur – men som alltid vender heim att til fjord, fjell og kvardagsro i Kvinnherad. I denne episoden blir vi betre kjende med Andreas Fjellandsbø , gründer av Ekspedisjonsreiser og Safarispesialisten.
Sidan 2016 har han sendt nordmenn ut på turar utanfor allfarveg – til Kilimanjaro, Himalaya, Inka-stien og andre ikoniske destinasjonar. I 2023 starta han Safarispesialisten, der draumereiser til Afrika blir skreddarsydde for familiar, bryllaupspar og eventyrlystne reisande.
For Andreas handlar det ikkje berre om å nå ein topp, men om meistring, fellesskap og å realisere draumar!
Vi får høyre om den første backpackerturen som opna verda, om dramatiske opplevingar på over 7000 meter i Nepal, om møte med fjellgorillaer i Uganda – og om kvifor sjølv dei tøffaste kan felle ei tåre på toppen av Kilimanjaro ved soloppgang.
Samtidig er han ein heilt vanleg familiefar på Husnes, som balanserer gründerliv, risiko og reiselyst med småbarnsliv og heimlengsel.
Korleis overlever ein pandemi når heile bransjen stoppar opp? Kva lærer du av milliontap, permittering og usikker verdssituasjon? Og kva skal eigentleg til for at du – ja, du – kan klare Kilimanjaro?
Dette er ein samtale om mot og marginar, om å tore å starte før alt er perfekt, om å skape arbeidsplassar i Afrika – og om kvifor det kanskje er betre å angre på det du gjorde enn det du aldri våga.
Sponsor: Stord Tannregulering
Har du vurdert å gjøre noe med smilet ditt?
De fleste voksne pasienter får i dag behandling med nesten usynlige plastskinner som skånsomt flytter tennene – helt uten tradisjonelle klosser limt på tennene.
Diskré, komfortabelt og tilpasset en travel hverdag.
Nå får de 5 første pasientene over 20 år som bestiller time, gratis konsultasjon.
Oppgi rabattkoden «Sunnhordlandpodden» når du bestiller.
Stord Tannregulering tilbyr moderne kjeveortopedisk behandling på Stord, og har også klinikk på Husnes én dag i uken.
Les mer og bestill time på: stordtannregulering.com

25 Minuten
Han er ung – men engasjementet for Fitjar, fotball og politikk er stort. I denne episoden møter vi Simen Skarpnes Røyrøy frå Fitjar: ungdomspolitikar, fotballentusiast og ein tydeleg stemme i samfunnsdebatten.
Vi snakkar om kvifor han har valt å engasjere seg politisk, korleis det er å vere med i FpU, og kvifor ungdomsrådet faktisk spelar ei viktig rolle.
I tillegg blir det prat om fotballglede, sterke comeback, Fitjar som heimstad – og kva som driv ein 15-åring til å ville påverke framtida.
Ein engasjert og ærleg samtale om fellesskap, meiningar og motet til å stikke hovudet fram.
Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe

47 Minuten
Føter ber oss gjennom heile livet – likevel er fothelse noko mange tek på alvor altfor seint. I denne episoden møter du Ingvild Eikeland, autorisert fotterapeut og gründer bak Eikelands Fothelse, med klinikk i Stord Helsepark.
Vi snakkar om kvifor så mange slit med fotplager, kva sko eigentleg har å seie for kroppen vår, og kvifor problem i føtene kan forplante seg heilt opp til kne, hofte og rygg. Ingvild deler praktiske råd om alt frå inngrodde negler og hard hud til barnesko, arvesko og kva du bør sjå etter når du kjøper nye sko.
Du får òg høyre historia hennar – frå oppvekst på Huglo, via ei dramatisk utdanningsreise, til kvardagen som fotterapeut med full timebok og lang venteliste. Ei ærleg og lærerik samtale om fothelse, fagstoltheit og livet som sjølvstendig næringsdrivande.
Ei episode for deg som vil ta betre vare på føtene dine – og kroppen elles.
Sponsor: Brilleriet
Dagens episode er sponsa av Brilleriet – din lokale optikar på Leirvik og Heiane.
Livet er for kort til kjedelege briller, og endå kortare til å gå rundt med plager i augo.
Stadig fleire slit med tørre auge, ruskekjensle og sårheit – ofte på grunn av skjermbruk, inneklima og kvardagsstress. Mange ventar altfor lenge med å søkje hjelp. Hos Brilleriet får du ikkje berre råd og dråpar, men moderne behandling som går til rota av problemet, med lysbehandling og spesialutstyr som kan gi varig betring i augehelsa.
Stor takk til Brilleriet for at dei er med på laget og støttar Sunnhordlandpodden

46 Minuten
Kva skjer når to som er litt over snittet glad i hund – og litt over snittet opptatt av gode råvarer – bestemmer seg for å satse skikkeleg?
I denne episoden møter du Uttara Mari og Terje Andreassen. Dei driv Bømlo Hundepensjonat, med plass til både hund, katt og smådyr – og fortel om kvardagen i ein “hundebarnehage” der trivsel, tryggleik og hundespråk står i sentrum. Du får òg høyra om seriøst oppdrett av labrador, kva dei ser etter hos nye eigarar – og kvifor dei meiner det nesten burde vore “sertifikat” for å ha hund.
Som om ikkje det var nok, har dei starta Miriams Gard og Hav, der målet er å gjera det lettare å få tak i rein mat og ekte råvarer – frå hjort og storfe til torsk og sjøkreps. Me snakkar dyrevelferd, lokalmat, fellesskap – og store draumar for Bømlo.
Nettsider: bomlohundepensjonat.no og miriams.no (dei finn du òg i sosiale medium).
Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe
I denne episoden møter du Uttara Mari og Terje Andreassen. Dei driv Bømlo Hundepensjonat, med plass til både hund, katt og smådyr – og fortel om kvardagen i ein “hundebarnehage” der trivsel, tryggleik og hundespråk står i sentrum. Du får òg høyra om seriøst oppdrett av labrador, kva dei ser etter hos nye eigarar – og kvifor dei meiner det nesten burde vore “sertifikat” for å ha hund.
Som om ikkje det var nok, har dei starta Miriams Gard og Hav, der målet er å gjera det lettare å få tak i rein mat og ekte råvarer – frå hjort og storfe til torsk og sjøkreps. Me snakkar dyrevelferd, lokalmat, fellesskap – og store draumar for Bømlo.
Nettsider: bomlohundepensjonat.no og miriams.no (dei finn du òg i sosiale medium).
Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe
37 Minuten
Energy Fitness opnar på Stord – og bak satsinga står Kristoffer Reimers og Malene Hauge.
I denne episoden får du bli betre kjend med Kristoffer, ein av gründerane bak det nye treningssenteret som opnar på Leirvik i april, i gamle Sporttreff-lokala.
Kva er det som gjer Energy Fitness annleis?
Kva kan dei tilby – og kvifor satsar dei så stort?
Vi snakkar om kvalitetsutstyr (ja, «Ferrarien» av treningsutstyr), gruppetrening, PT-rom for dei som ønskjer tryggare rammer, og planar for både unge, eldre – og kanskje vaffelfredag.
Men dette er òg ei historie om livet.
Kristoffer deler ope om oppveksten i Vikedal, vegen inn i rus, å bygge livet opp – og rive det ned igjen. Om behandling, ny kurs, og kvifor han i dag brenn for psykisk helse, meistring og for at fleire skal få det betre – både i kropp og sinn.
Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe
I denne episoden får du bli betre kjend med Kristoffer, ein av gründerane bak det nye treningssenteret som opnar på Leirvik i april, i gamle Sporttreff-lokala.
Kva er det som gjer Energy Fitness annleis?
Kva kan dei tilby – og kvifor satsar dei så stort?
Vi snakkar om kvalitetsutstyr (ja, «Ferrarien» av treningsutstyr), gruppetrening, PT-rom for dei som ønskjer tryggare rammer, og planar for både unge, eldre – og kanskje vaffelfredag.
Men dette er òg ei historie om livet.
Kristoffer deler ope om oppveksten i Vikedal, vegen inn i rus, å bygge livet opp – og rive det ned igjen. Om behandling, ny kurs, og kvifor han i dag brenn for psykisk helse, meistring og for at fleire skal få det betre – både i kropp og sinn.
Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe
45 Minuten
Kva gjer vi med dei elevane som lærer raskt, spør mykje og ofte ligg fleire år føre fagleg – men som likevel kan bli understimulerte i ein vanleg skulekvardag? Eitt svar er Talentsenteret i realfag – Satellitt Sunnhordland, der elevar frå heile regionen samlast på HVL fleire gongar i året for to intense dagar med problemløysing, programmering, kreativitet og samarbeid.
I studio møter du Maria Støle Mjønes og Åsmund Natås – to engasjerte fagfolk som står midt i arbeidet.
Vi snakkar om kven desse elevane er, kvifor det betyr mykje å møta «likesinna», korleis samlingane er bygde opp i praksis – og kvifor tilpassa opplæring ikkje berre handlar om dei som slit, men òg om dei som treng meir utfordring.
Er du forelder, lærar – eller berre nysgjerrig på skule, realfag og framtida i regionen? Då er denne episoden for deg.
For meir info:
https://www.vilvite.no/skole-og-barnehage/talentsenter-i-realfag/talentsenter-i-realfag-satellitt-sunnhordland/
Sponsor: Høgskulen på Vestlandet
Sjekk ut: https://www.hvl.no

41 Minuten
I denne episoden møter du hudlege Judit Kiss – legeutdanna ved Semmelweis Universitetet i Budapest, med spesialistutdanning i hud- og veneriske sjukdommar og doktorgrad (PhD) med fokus på malignt melanom.
Judit har jobba som hudlege i Noreg i mange år, mellom anna ved Revmatismesjukehuset i Haugesund. I dag jobbar ho privat, og ein gong i månaden kjem ho òg til Velværetunet på Stord.
Me snakkar om:
Føflekkar og hudkreft: kva du skal sjå etter – og kvifor endring betyr meir enn storleik
Sol, solkrem og D-vitamin: kva som faktisk er smartest
Barn og solbeskyttelse: kva type solkrem som er best for dei minste
Akne, rosacea og pigmentflekkar: kva som hjelper – og når du bør oppsøka hudlege
Og ein viktig reality check: Korleis for mange produkt (og mykje “hudtrend”-innhald frå sosiale medium) kan bli ein belastning for hudbarrieren og hudfloraen
Dette er episoden for deg som vil ta betre vare på huda – med trygg fagkunnskap, utan overdriving og utan 15 steg i hudrutina.
Sponsor: Velværetunet
Treng du eit friminutt i kvardagen? Velværetunet på Stord er staden der ro, velvære og fagkunnskap møtest. Velværetunet ligg idyllisk til like utanfor Leirvik sentrum – i eit fredeleg område med parkering rett utanfor døra.
På Velværetunet finn du eit breitt og variert utval av behandlingar: – Hudpleie og spa – Massasje for total avkopling – Makeup, bryn- og vippebehandlingar – Sauna og massasjebad
No har Velværetunet to terapeutar, og kan difor tilby eit endå breiare spekter av behandlingar. Sjå gjerne heimesida velveretunet.no for full oversikt over tilbodet.
Velværetunet har lang og solid erfaring med ulike hudtilstandar, mellom anna rosacea, og legg stor vekt på fagleg tryggleik, personleg tilpassing og god rettleiing.
På Velværetunet møter du: Anne Britt Ottesen, med over 20 års erfaring og eit brennande engasjement for å gi deg velvære for både kropp og sinn. Linn Tove, som er under utdanning i hudterapi, og jobbar på tunet kvar måndag og torsdag (utanom vekene ho er på skule).
I dei lyse og romslege lokala til Velværetunet, på 140 kvm, finn du tre behandlingsrom, eige dagspa, butikk og kurslokale – alt lagt til rette for ei heilskapleg og god oppleving.
Til slutt vil Velværetunet òg rette ei stor takk til lokale bedrifter som vel å handle lokalt og kjøpe gåvekort til sine tilsette. Det betyr mykje – både for Velværetunet og for lokalsamfunnet.
Gi deg sjølv – eller nokon du er glad i – ein velfortent pause. Bestill time hos Velværetunet i dag.

35 Minuten
Den 21.–22. januar 2026 blir den 34. utdanningsmessa på Stord arrangert på Vikahaugane – i regi av Stord Rotaryklubb.
Men kvifor finst denne messa, og kvifor er ho blitt så viktig for ungdom i heile Sunnhordland?
I denne episoden får du bli betre kjend med både utdanningsmessa og Rotary – og med to av dei som står midt i arbeidet: Kurt Grundvold (ansvarleg for utdanningsmessa) og Per Inge Sætrevik (President i Stord Rotaryklubb).
Me snakkar om historia bak messa, dugnadsinnsatsen (ja, det er mange timar!), korleis Vikahaugane blir forvandla til ei maurtue av elevar og utstillarar – og kvifor det framleis betyr noko å møtast ansikt til ansikt, sjølv om “alt finst på nett”. Og kvifor må bedriftene ut og “fange” ungdommen?
Du får òg høyra om frivillig engasjement, fellesskap og drivkrafta bak Rotary sitt motto: å gagne andre – og korleis utdanningsmessa både hjelper ungdom å finne retning, og gir overskot som kan gå vidare til gode formål lokalt og internasjonalt.
Utdanningsmessa er open onsdag og torsdag kl. 09–14, og alle som vil er velkomne til å stikka innom.
Sponsor: Byrået design og profilering AS
Byrået Design og Profilering AS er eit kreativt og erfarent design- og profileringsbyrå og har sidan 1980-talet hjulpet verksemder med å bli tydelegare, meir synlege og meir profesjonelle. Me skapar identitet som gjer det enklare for deg å nå ut med bodskapen din – og som styrkjer merkevara di kvar dag.
Hos oss får du alt du treng til ein heilskapleg og gjennomført profil: grafisk design og visuelle identitetar, profesjonelle skilt og dekor, bil-dekor, storformat print, profilartiklar og gåveprodukt, samt gravering og industrimerking. Ein annan av våre spesialitetar er innvendig og utvendig utsmykning på vegger og glassflater, samt fornying med interiørfolie. Alt blir utvikla og produsert i moderne lokaler på Stord, av eit team som brenn for kvalitet og godt handverk.
Me legg stor vekt på å forstå kva du faktisk prøver å løyse – om det handlar om å tiltrekke nye kundar, skape eit meir profesjonelt førsteinntrykk, styrkje intern stoltheit eller sørgje for tydeleg merking i bygg og anlegg.
Ikkje nøl med å ta kontakt om du vil veta meir om kva me kan hjelpa deg med.
https://www.byraet.no/
post@byraet.no

43 Minuten
Korleis kan du spele på lag med kroppen – i staden for å kjenne at han saboterer? I denne episoden møter du Jeanette Roede (dagleg leiar i Grete Rode) og Monica Ur (kursleiar på Stord).
Vi snakkar om hormon, søvn, stress og cravings – og kvifor mange kjenner på skam når det eigentleg handlar om kroppens mekanismar.
Du får konkrete tips til korleis du kan byggje vanar som varer lenger enn til midten av januar, korleis du går frå “eg burde” til ein faktisk plan, og kvifor små endringar ofte er det som gir dei store resultata over tid.
Vi er òg innom forsking, frokostmytar, overgangsalder (ja – også for menn), kvardagsaktivitet som fungerer, og korleis Grete Roede-appen og chatboten Grete kan støtte deg i prosessen.
Ei episode full av kunnskap, motivasjon og praktiske grep – for deg som vil ta vare på kroppen din på ein måte som faktisk passar i livet.
Sponsor: Velværetunet
Treng du eit friminutt i kvardagen?
Velværetunet på Stord er staden der ro, velvære og fagkunnskap møtest. Velværetunet ligg idyllisk til like utanfor Leirvik sentrum – i eit fredeleg område med parkering rett utanfor døra.
På Velværetunet finn du eit breitt og variert utval av behandlingar:
– Hudpleie og spa
– Massasje for total avkopling
– Makeup, bryn- og vippebehandlingar
– Sauna og massasjebad
No har Velværetunet to terapeutar, og kan difor tilby eit endå breiare spekter av behandlingar. Sjå gjerne heimesida velveretunet.no for full oversikt over tilbodet.
Velværetunet har lang og solid erfaring med ulike hudtilstandar, mellom anna rosacea, og legg stor vekt på fagleg tryggleik, personleg tilpassing og god rettleiing.
På Velværetunet møter du:
Anne Britt Ottesen, med over 20 års erfaring og eit brennande engasjement for å gi deg velvære for både kropp og sinn.
Linn Tove, som er under utdanning i hudterapi, og jobbar på tunet kvar måndag og torsdag (utanom vekene ho er på skule).
I dei lyse og romslege lokala til Velværetunet, på 140 kvm, finn du tre behandlingsrom, eige dagspa, butikk og kurslokale – alt lagt til rette for ei heilskapleg og god oppleving.
Til slutt vil Velværetunet òg rette ei stor takk til lokale bedrifter som vel å handle lokalt og kjøpe gåvekort til sine tilsette. Det betyr mykje – både for Velværetunet og for lokalsamfunnet.
Gi deg sjølv – eller nokon du er glad i – ein velfortent pause.
Bestill time hos Velværetunet i dag.

1 Stunde 19 Minuten
Kristine er aktuell med ei heilt fersk bok om Kristian Eidesvik: fiskeskipperen som blei ein sentral næringslivsleiar – og som mange hugsar som ein skikkeleg, varm og driftig mann.
Du får høyre om livet til Kristine, frå oppveksten på handelsplassen i Øklandsvågen med krambu, rutebåtar og juleutstillingar i vindauget – til livet som journalist i ei tid då ein skreiv for hand og sende filmrullar med buss.
Kristine deler historier frå møte med kongen, reportasjetur til Valdres for å møte Margit Sandemo (og ei svensk «heks»), dramatikk på tokt med Kystvakta, klosteropphald i samband med ein jule-reportasje – og ein god dose varme, humor og livsvisdom.
Det blir òg tid til prat om julepynt, reisetips og kvifor det er viktig å halde seg engasjert gjennom heile livet.
Restaurant 77, René, BB og Naustet Restaurant!
Enten du er ute etter ein rask burger, ein god middag ved sjøen eller ferske bakverk og lunsj midt i kvardagen – finn du det hos oss.
BB byr på smaken av ekte kolgrill, René på det vesle ekstra, og Naustet Restaurant på gode smakar i maritime omgjevnader. I 2026 opnar Restaurant 77 – ein heilt ny møteplass i hjartet av Haugesund.
Vil du gjere opplevinga komplett, kan du òg overnatte på Quality Hotel Maritim eller Thon Hotel Saga – midt i byen, tett på alt.
Fleire konsept, éi felles lidenskap: gode råvarer, ekte matglede og gode opplevingar.
Neste gong du skal ut og ete eller bu – vel lokalt. Vel kvalitet. Vel oss.
Helsing Caiano

32 Minuten
Optikar Arnhild Myklebust er tilbake i studio! I denne episoden får du høyre om alt frå korleis Brilleriet planlegg å ekspandere i 2026, til korleis tørre auge har blitt eit stadig større problem.
Kjetil deler sine eigne erfaringar med «sandpapir-auger» og korleis ein enkel sjekk hjå optikar kan gjere ein enorm forskjell.
Arnhild forklarar kva som faktisk skjer i augo våre, kva som påverkar tårefilmen, kvifor overgangsalderen speler inn, og kvifor skjermbruk gjer fleire plaga enn før.
Vi snakkar òg om nye typar behandling – frå varmemaskar og auelokksmassasje til avansert lysbehandling som opnar kjertlar og gir betre komfort.
Og sjølvsagt: litt om brilletrendar, litt humor, og eit aldri så lite ordspel eller to.
Dette er episoden for deg som slit med tørre auge, ser for mykje på skjerm, er nysgjerrig på synshelsa di – eller berre vil høyre ein inspirerande prat med ein ekte lokal gründer.
Samarbeid: Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Brilleriet.

38 Minuten
John Håvard Livden har flytta med familien frå Arna til gardsliv på Digernes på Stord – med sauer, juletre, eigne poteter og gutar som bygg trehytter i skogen.
I denne episoden får du høyra om korleis han kombinerer livet som bonde og yrkesfaglærar, kvifor han brenn for grindbygg og tradisjonshandverk, og kva han har lært av å ta over slektsgarden.
Vi snakkar om livet tett på natur, om ansvar, liv og død på ein gard, om juletresal, Vipps-bod og kvifor det er viktig å la ungar gjere farlege ting – forsiktig.
Du får òg nokre praktiske tips om korleis du tek best mogleg vare på juletreet.
Sponsor: Brilleriet
Livet er for kort til å bruka kjedelige briller!
Ta turen innom Brilleriet på Leirvik eller på Heiane, din lokale optikar- og brillebutikk.

50 Minuten
Ingmar Søreide er rørleggjaren frå Sagvåg som har gjort lidenskapen for rør, vatn og baderom om til eigen arbeidsplass gjennom Søreide Rør AS.
Me pratar om vegen inn i rørleggaryrket, korleis det er å starte for seg sjølv, kvifor han elskar rehabilitering av bad, og kvifor han meiner fleire unge bør bli rørleggarar.
Og ikkje minst - kvifor han har ein draum om å kjøpe ein brannstasjon.
Du får òg høyra gode historier frå læretida, møte med ein takknemleg kunde med vaflar og fyr i peisen – og du får konkrete tips til kva du bør tenkja på med røyr og bad, spesielt no når kulde, jul og ribbefett nærmar seg.
Sponsor: Aarskog Elektro AS
Aarskog Elektro – kvalitet du kan stole på.
I meir enn tre tiår har Aarskog Elektro levert elektroinstallasjonar av høg kvalitet i heile Sunnhordland. Med kontor på Fitjar og oppdrag på Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes, står Aarskog Elektro klare til å hjelpe – uansett om det handlar om service, rehabilitering eller nybygg.
Aarskog Elektro legg stor vekt på godt handverk, tryggleik og løysingar som er tilpassa kunden sine behov.
Difor er kundane alltid i fokus.
Frå bustader til næringsbygg og industri – Aarskog Elektro er ein stødig samarbeidspartnar som møter opp, leverer kvalitet og bryr seg om lokalsamfunnet.
Aarskog Elektro – erfaring, tryggleik og ekte fagstoltheit.

31 Minuten
I år skal Sagvåg verkeleg skinna i adventstida. Julegato i Sagvåg blir større enn nokon gong – med aktivitetar kvar søndag i advent, boder, musikk, lys, og overraskingar for både små og store.
Bak mykje av engasjementet finn me Margrete Lauksund Almås, leiar for Sagvåg Forum, småbarnsmamma og organisasjonskonsulent ved Høgskulen på Vestlandet.
I denne episoden får du møta Margrete – ei varm, initiativrik dame som brenn for lokalsamfunnet. Ho deler korleis Julegato Sagvåg har vakse fram, kvifor dugnadskulturen her betyr så mykje, og korleis eit lite mysterium med forsvunne julelys nesten skapte trøbbel for årets pynting.
Me snakkar òg om oppvekst, engasjement, lærarstudiet, draumejobben og korleis ho har hamna i rolla som «ho som får ting til å skje».
Du får høyra både humoristiske historier frå barndommen og innsikt i korleis ho balanserer jobb, små ungar og frivillig arbeid – og kvifor ho elskar Excel-ark litt meir enn dei fleste.
Sponsor: Sagvågshagen
Dagens episode er sponsa av Sagvågshagen – ein heilt ny, grøn oase midt i Sagvåg sentrum.
Her kjem det opp til 35 nye leilegheiter fordelt på seks bygg, frå ca. 45 til 90 kvadratmeter. Perfekt enten du vil ha noko lettstelt, eller treng litt meir plass – men likevel vil bu sentralt og godt i Sagvåg.
Sagvågshagen er det første bustadprosjektet i Stord kommune som følgjer den nye utomhusnorma frå 2024. Det betyr kvalitetsrike uteområde med leikeplass, gode sitjeplassar med og utan tak – og ein gjennomført grøn trivselprofil.
Mange av leilegheitene får høg sol- og utsiktsfaktor, særleg mot utløpet frå Storavatnet – der du kan nyta stillheit, ettermiddagssol og utsikt mot hamnebassenget.
Det blir skikkeleg støyskjerm mot hovudvegen, moglegheit for innglassa balkong som gir deg ei ekstra “stove”, og fleire løysingar for parkering: ute, i carport eller i felles garasje.
Vil du vite meir, sjå sagvaagshagen.no – kanskje er din neste heim midt i Sagvåg sentrum.

Magnus Hillesvik Valvatna og Ian Kolstad inviterer til konserten Håp på VikjoScenen laurdag 22.11.
Med støtte frå Subshore får 40 ungdommar gratis billett, og kvelden byr på både nyskriven musikk, musikkvideo-premiere og support frå unge Lola Linda Poder.
Gjennom praten får du vite meir om historia bak låten Håp, korleis samarbeidet med Stord VGS vart til, og kvifor Magnus brenn for å gi ungdom ein plass å høyre til.
Ian fortel òg om visjonen bak VikjoScenen – ein ny, lågterskel og profesjonell kulturarena der unge og etablerte kunstnarar kan møtast, skape og utvikle seg.
Støtta frå lokale aktørar gjer dette mogleg, og mykje spennande står på programmet.
Sjekk ut: https://www.facebook.com/events/722555850807832
Sponsor: Subshore
Subshore tror på kraften i å bry seg. Små handlinger kan skape store ringvirkninger – enten det handler om å støtte andre, dele kunnskap eller ta initiativ. Bygget på verdiene: vær positiv, støtt andre, ta initiativ, del kunnskap og gi anerkjennelse, står Subshore for fellesskap, utvikling og samhold.
Vi er sterkere sammen – når vi heier på hverandre, bygger vi et samfunn der flere får muligheten til å skinne. Det er derfor Subshore er med på å støtte initiativer som Sunnhordlandpodden, som fremmer mennesker som utgjør en forskjell.
Husk: Det betyr noe å bry seg!