Anmeldung Registrierung
Auto Hell Dunkel
Erweiterte Suche

SunnhordlandPodden Archiv

428 Episoden
13 Minuten
Ein av dei mest sentrale personane i Sunnhordland heimevernsområde er sjefssersjant Eugen Brask. Han er nemlig områdesersjant. 

Kva er ein områdesersjant, og kvifor er den rolla så viktig? Det får du svaret på i dette intervjuet.
15 Minuten
Områdesjef for HV-09213, Harald Gåsø, er klar for årets trening på Tittelsnes.

Men kvifor må HV trene no i koronatida?

SunnhordlandPodden har fått lov til å ta med mikrofonen på trening og skal bruke den i plassen for våpen. Derfor kjem det ein del korte episodar med ymse viktige personar i HV-09213 denne veka. 
44 Minuten
I denne episoden får du bli betre kjent med Astrid Farestveit Gane som driv Gullsmio på Bømlo. 

Bli med på reisa frå Voss, via Bergen, Haugesund, Guadeloupe og Tittelsnes til Bømlo. 

Astrid er ei dame som mange beskriv som "sprudlande"!

Lytt til episoden så forstår du kanskje kvifor.

Takk til sponsor: Marinaden AS 
38 Minuten
Margareth Ottesen Mjønes & Tina Steinsland er gjester i studio og deler om opp og nedturer til Himmelhytten på Dyvikesåto. 

Kva er historia bak prosjektet? Kva var mest krevjande med planlegging og bygging? Kva planar har dei framover? 

Det får du svar på i episoden. 

Sponsor er: Johannessen Entreprenør AS - https://www.joh-ent.no 
46 Minuten
I denne spesialepisoden som er laga for Fitnesspoint Stord får du møta Håkon Skogseide, ein ung gründer frå Stord. 

Du blir betre kjend med han og historia til Fitnesspoint Stord. 

Du får og høyra om digituning.as og Marinechiptuning.com 
38 Minuten
Sindre Vikanes er Marknadsansvarleg for NAV Sunnhordland. I denne episoden får du bli litt betre kjend med Sindre og hans forhold til "mekanisk" doping, makrell i tomat og livet som Arsenal-supportar. 

Du får høyra om korleis det går i arbeidslivet i Sunnhordland og ulike tiltak NAV jobbar med for å tilføra rett kompetanse til bedriftene i Sunnhordland. 

Vi kjem litt innom «Menn i helse» og arbeidsplassen.no.

Sindre deler sine beste tips til arbeidssøkande i Sunnhordland. 

Episoden er ein spesialepisode som er laga for Atheno. 
38 Minuten
Martin Alvsvåg fortel: 

Om Rivers.Global og eit reinare hav

Om Sjømannskirken

Om Bømlo, båtliv, bedehus og bass

Om tippen og fotball

Då Martin Alvsvåg vaks opp på Rubbestadneset var det ikkje uvanleg at gamle vaskemaskinar vart kasta på havet. No brenn han for oppsamling av plast og eit reinare hav. Ved sida av jobben i Sjømannskirken grunnla Martin i 2018 Rivers.Global. I denne episoden blir du kjent med Martin og Rivers.Global, kva dei jobbar med og korleis du kan bli med på laget.

Sjekk ut: https://rivers.global 
33 Minuten
Etter eit seminar om sosiale medier i 2019 tok Per Hjemdal, sokneprest i Etne, steget ut på Instagram. 

I dag har han over 2700 følgarar på denne plattforma. 

I dagens episode får du høyra meir om historia bak Presten Per, om påska og livet i Etne. 
31 Minuten
Å jobba i skule og barnehage no i koronatida er krevjande.

Og som foreldre kan det vera utfordrande å ha born i skulen, eller heime med undervisning på skjerm.

For å prate litt om dette har vi fått med Jonatan Gniste som er hovudtillitsvalgt for Utdanningsforbundet Stord. 

Du får og høyra om forskjellar på skule i Noreg og Sverige. Om karriera som handballspelar og kva Utdanningsforbundet jobbar med. 
59 Minuten
I dag er Mona Vevik og Tove Riise Grastveit gjestar i SunnhordlandPodden. 

Mona Vevik var på veg til å bli ufør, men klarte å koma tilbake i full jobb med enkle grep. Denne helsereisa får du høyra om i denne spesialepisoden av SunnhordlandPodden, som er laga for Stord Helhetssenter. 
37 Minuten
Ho er pedagog, skuleleiar og samfunnsengasjert lokalpolitikar frå Bømlo. No gler ho seg til å ta fatt på oppgåva som rektor på landets nyaste folkehøgskule på Stord. Bli betre kjend med Torunn Laurhammer i denne spesialepisoden av Sunnhordlandspodden som er laga for Atheno.
39 Minuten
Då hotelldirektør Inger Karin Larsen var ei lita jente, hadde ho ein draum om å reise rundt med sirkuset. Dei siste 16 åra har ho skapt sitt heilt eige sirkus i Skånevik Fjordhotel - der ho balanserer suppeskåler, spreier glede og skapar ei spesiell oppleving for gjestene på Skånevik Fjordhotel. Å vera hotelldirektør er kanskje det nærmaste du kjem eit sirkus? Spesielt no når nesten alle ansatte er permitterte grunna korona - og Inger Karin er både kokk, servitør, reinhaldar og resepsjonist. Ja, i tillegg til ansvaret for sjølve drifta, sjølvsagt. Tidene har aldri vore tøffare, men ho er fast bestemt på å halde fram å sprudle i hotellmanesjen.
54 Minuten
På Stord strevde skreddar Rebekka Hansen Gjerde med å finne sin plass i arbeidslivet grunna ein tøff ryggoperasjon. I Skånevik jobba journalist/designar Janne Nerheim med ein idé om lage ein arbeidsplass for flyktningkvinner som treng å jobbe med fag dei er trygge på i ein sårbar livssituasjon der alt anna er nytt. Saman har dei etablert Huldrafjell - ei bedrift som syr barneklede i ein liten fabrikk i Lønningsåsen på Stord. Dei satsar på gjenbruk og utvidar i desse dagar drifta til å også gjelde utleige av gjenbruksklede til barn, og ei abonnementsordning på kleda dei produserer.
57 Minuten
Rune Kvilhaugsvik høyrde på P3 - flytta til Fitjar.

Eller var det sånn?

I denne episoden av SunnhordlandPodden får du heile historien om kvifor Rune og Marte Kvilhaugsvik flytta til Fitjar. 

Du får og høyra om gründerliv og korleis det er å bygge kontor i garasjen. 

Sjekk ut:

https://www.ibalanse.as 

Følg iBalanse på YouTube.   
28 Minuten
17. februar i 1996 ble Tine Andrea storesøster. Etter 2 år og 5 dager døde broren. Da var det godt å kunne ta fram bilder og ta vare på minnene etter broren. 

På bloggen sin skrev Tine i i 2019: «Idag, på din bursdag vil jeg «snakke» høyt om deg. For du er ikke glemt, vi savner deg. Hver eneste dag.»

I år ble det podcastinnspilling på bursdagen. 

I denne episoden får du bli litt bedre kjent med Tine Andrea Torkelsen Bergendahl som står bak de flotte instagram-kontoene: 

instagram.com/tineandrea/

instagram.com/tineandreafotografi/

instagram.com/bytineandrea/