Anmeldung Registrierung
Auto Hell Dunkel
Erweiterte Suche

SunnhordlandPodden Archiv

428 Episoden
40 Minuten
Astrid Kjellevold leiar regionens leiande næringsselskap, - Atheno. Ei bedrift som arbeider med å styrke eksisterande næringsliv og legge til rette for nye etableringar. Og som er eit bindeledd mellom ulike aktørar, - kommunar og bedrifter. Høyr Astrid sine tankar om viktigheita av samspel, utvikling, nettverk - og kva som er grunnleggande for å lukkast i næringslivet. 

Episoden er ein nyklipt spesialepisode laga i kommersielt samarbeid mellom Atheno og Sunnhordlandspodden.
54 Minuten
Då Tuva Almås var 15 år gamal sette hu seg som mål å slå Lars Monsen i hundekøyring. Korleis det gjekk får du høyra om i denne episoden av SunnhordlandPodden.

Korleis kan ei jente frå Sunnhordland hevda seg i hundekøyring? 

Kva er det å «kvila på sporet»?  

Vil Tuva ein dag delta i Iditarod? 

Sponsor: Subshore
46 Minuten
Svein Martens er daglig leder i både Martech Marine & Industriservice AS og i Multisafe AS. I denne episoden får du høyra om reisa som gründer og kva som skal til for å lykkast. Pluss at det blir litt prat om båt, lokal handel og verdien av nettverk.  
58 Minuten
Brørne Sigvard og Patrick Madsen er ekte lokale eldsjeler på Tysnes. Dei får ting til å skje. Enten det er snakk om Tysnesfest, Mandelhuset eller andre ting som kan skape positiv merksemd knytt til øya og regionen. I denne podkasten får du også høve til å bli kjent med desse to positive og engasjerte karane!

Denne episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Atheno - https://atheno.no

Atheno har hatt gleda av å arbeide med Sigvard og Patrick Madsen i ulike samanhengar.

Sjekk ut: 

https://tysnesfest.no

https://www.mandelhuset.no
35 Minuten
Monica Wathne deler sin historie om korleis det var å miste eit barn og korleis det har blitt til ein ny start. I dag driv Monica Gravferdshjelpen Sunnhordland. I episoden får du og svar på mange spørsmål Monica får rundt død og gravferd.  

Lenker du kan sjekke ut: 

https://www.instagram.com/gravferdshjelpensunnhordland/ 

https://www.olenbegravelsesbyra.no
54 Minuten
Henriette Thorsen brenn for å gjere industrien til ein enda betre plass for kvinner. I denne episoden fortel ho litt av si historie om opp og nedturar i livet. 

Sponsor: Teca AS
51 Minuten
Mari Stormark Helland er kanskje Norges hyggelegaste Handverkar. I denne episoden får du høyra om vegen til å bli elektrikar. Du får og artige historier om å sette fyr på seg sjølv, utfordringar med å gå på do og kvifor det er viktig med arbeidsklede som er laga for kvinner. Du får og kjennskap til «Montørjentene» og korleis dei jobbar for å få bygge nettverk, behalde og rekruttere jenter - kvinner til elektrofaget.

Sponsor: Renevo 
29 Minuten
Har du smakt hamburgaren til The Strand? Då veit du at den held ein høg standard.

Men Kristine og Dominic Bhargava som står bak The Strand har mykje meir å by på.

Høyr om reise frå storby til småbruk og om kvifor dei har tatt steget ut av den raude campingvogna i Valestrand og inn på Bytunet på Stord.

Har du ikkje besøkt The Strand enda?

SunnhordlandPodden anbefaler eit besøk der.

Sjekk ut https://www.facebook.com/strand.burger/

Sponsor: B3 Helse - https://www.b3helse.no
44 Minuten
I slik ei natt er tilbake i Moster Amfi! Framsyning vil gå 2.- 4. juni. På scena står om lag 80 skodespelarar. SunnhordlandPodden tok turen til Moster og intervjua Hallvard Holmen (Tore Hund), Nina Sele (Regissør), Geir Ersland (Amatørskodespelar) og Øystein Kausrud (Dagleg leiar Bømlo teater). Her får du eit glimt av korleis det er å ha ulike roller i Mostraspelet.
54 Minuten
Omar Zahl Pettersen er kanskje den mannen i Norge som har vært lengst i kulturskulen i Norge. I denne episoden får du bli betre kjent både med kulturskulen og Omar.  

Sponsor: https://www.b3helse.no
41 Minuten
I denne episoden blir du betre kjend med Helge Gjøsæter og hjørnesteinsbedrifta Leirvik AS. 

Du får høyra om korleis livet er som Administrerende Direktør for ei stor industribedrift, om historia til Leirvik og om vegen inn i det grøne skiftet.

Leirvik er no inne i en viktig rekrutteringsprosess. Kanskje dei har ein ledig stilling som passar for deg? Sjekk ut: https://leirvik.com/career/

NB: Denne episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Atheno.

Atheno har arbeidd med næringsutvikling i Sunnhordland sidan 1987 og ynskjer å fremja ein unik kultur for nyskaping i Sunnhordland. Selskapet legg til rette for auka innovasjon og verdiskaping i både nye og eksisterande bedrifter. Atheno arrangerer også ei rekke kurs, konferansar og samlingar for næringslivet i Sunnhordland. Du finn dei på Vabakkjen og på ulike digitale flater - https://atheno.no
48 Minuten
I denne episoden får du eit møte med Jan Tore Grindheim, mannen bak Fonn AS. 

Du får høyre om den til tider blodige oppveksten på eit småbruk på Bømlo. 

Kva får ein voksen familiemann til å hoppe av solid trygg jobb og kaste seg ut i gründerverda? 

Du får kjennskap til fordelar og ulemper med å komme frå Sunnhordland når du skal ut i den store verden og byggja eit internasjonalt konsern. 

Jan Tore fortel og korleis han har landa avtalar med store investorar, og kva som definerer ein skikkelig god investor. Ikkje minst får du eit glimt av den mest krevjande perioden selskapet har vært inne i og korleis Jan Tore fekk snudd nederlag til seier. 

Alt dette og meir til når vi dykker inn i historia til Fonn – eit prosjektstyringsverktøy for små og store byggeprosjekter.

Sponsor for episoden er: https://ilder.io 
22 Minuten
I slutten av 2021 såg eit nytt firma dagens lys her i Sunnhordland, nemlig Sunnhordland Fasadevask. Gründer Kjartan Boga Eikeland er mannen bak dette selskapet, og i dag skal du få bli litt betre kjent med han, og få høyra litt om kva Sunnhordland Fasadevask kanskje kan hjelpa deg med.

Sjekk ut: https://sufa.no 

Vil du bli sponsor for SunnhordlandPodden? 

Ta kontakt med Kjetil på post@sunnhordlandpodden.no eller 97676363 
22 Minuten
Rune Eide er litt over snittet interessert i laks, og røyking av laks. I denne episoden får du høyra historia bak Kloster Laks og korleis ein går fram når ein skal produsera røykelaks. Mange har fått augo opp for kor god denne laksen er, den er faktisk heilt konge!  

Sponsor: SunnBok
17 Minuten
Marianne Naustdal kjem frå Bergen, men kjenner ho Gullars? 

Og korleis er det å leia Frelsesarmeen på Stord? Har dei nok mat til dei som har behov for hjelp? 

Dette og mykje meir får du svar på i denne ekstra-episoden av SunnhordlandPodden. 

God Påske!