Anmeldung Registrierung
Auto Hell Dunkel
Erweiterte Suche

SunnhordlandPodden Archiv

428 Episoden
52 Minuten
Lurar du på kva Mental trening er for noko og kven det kan vere aktuelt for? Det får du svar på i denne episoden med Aina Thunem - Thunem Talks.

Me tar opp spørsmål som:

Korleis utdannar ein seg til mental trenar?

Kven er det som kan ha nytte av mental trening?

Korleis starte med mental trening?

Kan ein få treningsverk av mental trening?

Korleis kan eg bli betre på å takle stress og press gjennom mental trening?

Korleis kan eg integrere mental trening i kvardagen?

Sponsor: B3 HELSE - https://www.b3helse.no/

B3 HELSE finn du på Heiane på Stord. B3 HELSE er stolt over å kunne tilby eit breitt spekter av helsetenester og rettleiing for å hjelpe deg på vegen til eit sunnare og meir balansert liv. Hos B3 HELSE finn du erfarne fysioterapeutar, muskelterapeut, hudpleie og coaching. Dei har enkel tilgang og parkering i Rundehaugen 19.

Følg med B3 HELSE på Facebook og Instagram.
3 Minuten
Ein stor takk til alle gjester, sponsorar og lyttarar i 2023!

Vonar 2024 blir eit flott podkastår!
41 Minuten
Korleis er det å vere ung, engasjert politikar i Sunnhordland? Kva saker engasjerer mest? I denne episoden blir du betre kjend med Ulvar Akselsen, som er med i Kommunestyret på Stord. Han er medlem av utvalet for Rehabilitering, helse og omsorg. Ulvar har sjølv erfart kor viktig det er å bli møtt på ein god måte når sjukdom rammar. I episoden deler Ulvar korleis det var då faren, Olav Akselsen, vart ramma av hjernesvulst.
29 Minuten
Borghild Gullberg Bakka har jobba som minoritetsspråkleg rådgjevar i Stord Kommune. I denne episoden deler ho nokre tankar om korleis lokalsamfunnet vårt kan ta imot og ta vare på dei som flyttar til regionen. Du får høyra om arrangement som «Folk møter folk» og korleis ein sjølv kan ta grep for å bli kjent med nye.
49 Minuten
Håkon Espeland er Medgrunnleggar og administrerande direktør for Muybridge. I denne episoden deler han litt frå gründerreisa deira, med oppstart i korona-tida. Dei har fått med seg store investorar og har vore ein del av inkubatoren til Atheno.

Muybridge AS er eit teknologiselskap som utviklar nyskapande kamerateknologi som kan nyttast i ulike bransjar – frå videokonferansar, tv-produksjon og sport, til telemedisin, industrielle applikasjonar, tryggleik og overvaking. Teknologien byggjer på multisystem-kamera, bilebrikkar på strips, som kan samanliknast med ein LED-strip.

Sjekk ut: https://www.muybridge.com/

Håkon - https://www.linkedin.com/in/h%C3%A5kon-espeland-291341107/

Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Atheno - https://atheno.no/
36 Minuten
Monika Gåsland, matentusiasten som deler matglede på Instagram og blant venner, er hovudpersonen i dagens podkastepisode. Bli betre kjent med Monika Gåsland, også kjend som @matpaafat_monika på Instagram. Velkommen til ein smaksrik prat!

Sponsor: Bremnes Seashore AS
50 Minuten
Hans-Petter Nesse er både Administrerende direktør for Wärtsilä Norge og Director Field Service North Europe for Wärtsilä.

Wärtsilä Norway feirar 120 års jubileum i år og har vore ein teknologipioner i alle desse åra. No skapar dei på ny industrihistorie i Sunnhordland.

I denne episoden får du høyra om historia til både Wärtsilä og Hans-Petter Nesse.

Episoden er lag i eit kommersielt samarbeid med Wärtsilä Norge.
28 Minuten
LivePod frå Bømlakonferansen 2023. I denne episoden blir du betre kjent med Linda Litlekalsøy Aase, som er Ny Konsernsjef i Bremnes Seashore.

Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Bømlo Næringsråd.
42 Minuten
Har du høyrt om Mingel?

Mingel er ein ny møteplass for unge som har valt å bu og arbeida i Sunnhordland, og som har eit ynskje om å bli betre kjent med andre fine folk og det som skjer her.

Kanskje årets aller viktigaste møteplass?

Bli betre kjent med Mingel-konseptet i denne episoden! 

I denne episoden møter du:

Ida Solheim Eide

Carlos Tardon - https://www.linkedin.com/in/carlos-tardon-perez/

Jørgen Fosse

Hilde Askvik

Ole Jacob Eide

Nina Matre

Sjekk ut: https://www.mingel-event.no/

Episoden er laga i et kommersielt samarbeid med Bu i Sunnhordland - https://www.buisunnhordland.no/
40 Minuten
I oktober vart Bente Kari Sletten Taranger den nye ordføraren i Austevoll kommune. I denne episoden blir du litt betre kjent med Bente Kari, Austevoll, og ikkje minst får du høyra om ei viktig stilling som no er ledig - nemlig jobben som kommunedirektør.

Les meir om stillinga her: https://human-as.no/ledig-stilling/351714/kommunedirektf8r/r

Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med: Human AS
39 Minuten
Bli betre kjent med den nye ordføraren på Bømlo - Morten Helland. Høyr om hans historie og kvifor han har engasjert seg politisk. Morten deler og tankar om livet på Bømlo og korleis det vil sjå ut framover. Han fortel om dødsing og kvifor framsnakk er så viktig!

Sponsor: Trafikkskulen Din - https://trafikkskulen-din.no/

Trafikkskulen Din held til i trivelige lokale på Svortland og Leirvik. 

Trafikkskulen Din - tilbyr trafikalt grunnkurs og opplæring på moped og mopedbil, alle motorsykkelklassar, bil, både automat og manuell og tilhengaropplæring. 

Til våren kan du som har mc førarkort bli med oss på rustløysarkurs  der det bl.a. blir køyring på go cart banen i Haugesund. 

Skal du på campingtur til sommaren eller kjøpa ny båt? Ta tilhengarførarkortet i vinter så er du klar.

Bli ein trygg og sikker trafikant!

Du er velkommen til  Trafikkskulen Din

Trafikkskulen Din er tilgjengelege på e-post og telefon kvar dag. Så ring gjerne på 534 11 222. Eller ta kontakt via post@trafikkskulen-din.no
59 Minuten
Ståle Mæland og Helge Mæland driv Verdig Gravferd. I denne episoden får du høyra kvifor dei endra livskurs og korleis gründerreisa har vore til no.

Du får og gode tips til kva ein bør tenkja på når ein opplever dødsfall i familien og korleis ein set saman ei gravferdsseremoni. Korleis er livet som gravferdskonsulent og korleis endrar det synet på døden? Kor mykje kostar ei gravferd, og er det grønne skiftet og gjenbruk aktuelt i denne bransjen?

Sjekk ut:

https://verdiggravferd.no/

https://www.facebook.com/Verdiggravferd

https://www.instagram.com/verdiggravferd

Sponsor: Eide Stein AS - https://eidestein.no/

Eide Stein er Norges største bedrift innen bearbeiding av stein og har over hundre års lang håndverkserfaring i steinfaget, ein moderne maskinpark og effektiv produksjon - noko som gir kundene god faglig trygghet. Dei har levert gravminner i Sunnhordland i mange år, og i tillegg til gravminner leverer dei og benkeplater og interiør.  Sjekk ut eidestein.no for meir informasjon, eller kontakt Verdig gravferd.
51 Minuten
Kristi Pedersen Madsen brenn for Tysnes, jobben og lokalpolitikken. Men og for mammarollen og balanse mellom jobb og fritid. I denne episoden deler Kristi litt av sin historie og erfaringar på godt og vondt i politikken og om kvifor hu vil jobbe for at Tysnes skal bli verdas beste plass å bu, arbeide og leve. Her er det mykje bra framsnakk av fellesskapet på Tysnes og Sunnhordland som region. Del gjerne episoden med nokon som kan ha glede av den!

Følg Kristi på Facebook - https://www.facebook.com/kristisandvik.pedersen
42 Minuten
Kristine Bakken Ottesen står bak Ottesen foto, https://ottesenfoto.no, og har lang fartstid som Portrettfotograf og Bryllupsfotograf. I denne episoden fortel Kristine om si reise som fotograf, og deler sine beste tips om korleis ein kan ta flotte bryllupsbilder.

Sjekk ut:

https://www.instagram.com/ottesenfoto

https://www.facebook.com/KristineBakkenOttesenFoto

Sponsor: Pepper hårstudio

Frisørane på Pepper vil at du som kunde skal få eit avbrekk i kvardagen, ein plass å slappe heilt av. Frisørane på salongen har sine faglige områder som dei har spesialisert seg på. Alt fra brudestyling, brynslaminering, fargeteknikker, føning, klipp og dei tek også hol i øyrene. Dei har også eigen fargespesialist. Pepper er medlem i NFVB, Norske frisør og velværebedrinfter og organistert med tariffavtale. 

Dei er opptatt av eit godt arbeidsmiljø som også bidrar til ein god opplevelse for kunden. Pepper Hårstudio held til øverst i borggata og der har dei vert i 23 år.

https://www.ledigtime.no/pepper/p/hjem
58 Minuten
Vanja Storetvedt deler si historie. Høyr om ei inspirerande reise frå kaos og usikkerheit til å finna indre ro og retning. Me dykkar inn i coaching-verda, korleis det skil seg frå terapi, og kva du kan vente når du jobbar med ein coach. Høyr korleis coaching kan hjelpa deg med alt frå å handtera stress til å ta betre avgjerder.

Sjekk ut: https://www.instagram.com/mylcoaching/

Eller ta kontakt via: vanja@mylcoaching.no

Sponsor: Verdig gravferd - https://verdiggravferd.no/

Verdig gravferd har si verksemd i heile Sunnhordland med samtalerom på Stord, Fitjar og Bømlo.

Vårt oppdrag er å tilretteleggja slik at de får ta avskjed med den avdøde på ein verdig måte, der alt det formelle blir ivaretatt.