Podcaster
Episoden
Über diesen Podcast
Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.
Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit
språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar
for folk i bygd og by.
Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og
på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere
publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring
borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og
formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle
språkspørsmål.
Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2023? Kva for ord og
uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette
på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så
mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?
I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter
svar, i folkeopplysinga sitt namn.
Ny episode annankvar onsdag utover hausten.
Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kommentare (0)